Helse, miljø og tryggleik (HMT)

Dei sentrale HMT-prosedyrane for UiO og dei for Det juridiske fakultetet er òg gjeldande for Institutt for kriminologi og rettssosiologi (IKRS).

Instituttet skal ha eit utviklande og fullt forsvarleg arbeidsmiljø for tilsette og fullt forsvarleg læringsmiljø for studentar. Det er nulltoleranse for seksuell trakassering, mobbing og andre formar for uønskt åtferd. Leiinga tek alle tilfelle av dette alvorleg.

Opplever du kritikkverdig åtferd, ta kontakt med næraste leiar, instituttleiar eller kontorsjef. Dersom spørsmåla er vanskeleg å ta opp med leiinga, kan du ta kontakt med verneombod eller bedriftshelsetenesta.

Ta gjerne ein titt på UiOs overordna føringar, felles prosedyrar og verktøy som skal sikra alle som har arbeidsplass ved UiO har eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø:

Vêr merksam på at varsel om seksuell trakassering eller mobbing, og enkelte andre former for uønskt åtferd utløyser handlingsplikt hos instituttleiinga. Dei har derfor ikkje høve til å ta imot anonyme varsel.

Arbeidsmiljø handlar òg om den fysiske arbeidsplassen. Ta kontakt med kontorsjef viss du treng ekstra sittepute til stolen, rollermus til PC-en, eller andre ergonomiske hjelpemiddel.


Verneombod

Vara verneobod

Ansvarleg for løpande HMT-oppfølging ved instituttet


Si frå!

Studentar:

Tilsette:


Nyttig informasjon


Nødnummer

Brann: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113

Vakt- og alarmsentral UiO: 22 85 66 66

Kontakt nødetatane først, så vakt- og alarmsentralen.

Publisert 14. sep. 2015 13:01 - Sist endra 13. juni 2024 13:04