Skrivekurs for nynorskbrukande jusstudentar

Synest du juss på nynorsk er utfordrande? Denne hausten kan du komme på kurs for å bli betre til å skrive juss på nynorsk, og betre til å skrive juss generelt.

Bildet kan inneholde: briller, smil, ansiktsuttrykk, synsomsorg, erme.

Denne hausten byrjar vi med skrivekurs for nynorskbrukande jusstudentar. På kurset vil vi dele erfaringar, analysere juridiske tekstar, og lese og kommentere studenttekstar på nynorsk. 

Norsk juss er dominert av bokmål. Dei fleste lærebøker, dommar og lover er skrivne på den dominerande målforma. Å bruke nynorsk som rettsspråk er difor utfordrande. Då nesten all terminologi er på bokmål finnast det få gode juridiske nynorsktekstar å lære av. 

Med dette skrivekurset vil vi gjere det enklare å skrive nynorsk som jusstudent gjennom å dele erfaringane våre, analysere juridiske tekstar, og lese og kommentere studenttekstar på nynorsk. 

Skrivekurset er mynta på nynorskbrukarar og er ein del av CELL si satsing på skriving av juridiske tekstar. Kurset gjer deg difor både betre til å skrive juss på nynorsk, og betre til å skrive juss generelt. 

Meld deg på

Program for skrivekursa denne hausten

  • 3. oktober kl. 16.30 - 19.00 i rom 3110 skal vi førelese generelt om nynorsk som rettsspråk frå kvar vår ståstad.
  • 9. november kl. 16.00 - 18.00 på Skrivelab skal Borgar og Jørn vise fram og analysere juridiske tekstar på bokmål og nynorsk, og Solveig vil kommentere frå eit studentperspektiv.
  • 29. november kl. 16.30 - 18.00 på Skrivelab skal vi gå gjennom, kommentere og diskutere deltakarane på kurset sine tekstar. Det skal vi halde fram med vårsemesteret 2024.

Kven underviser i kurset?

Vi som underviser er tre nynorskentusiastar med veldig ulik bakgrunn og kompetanse:

  • Solveig er jusstudent som veit kva utfordringar nynorskskrivande studentar i dag står ovanfor.
  • Borgar har skrive juridisk litteratur og vore advokat før han vart dommar, og har dermed erfaring frå fleire juridiske tekstsjangrar.
  • Jørn har både skrive og redigert mange bøker og sensurert studentar sine tekstar, og har slik erfaring med tekstforbetring. 
Publisert 5. okt. 2023 11:04 - Sist endret 30. mai 2024 14:15