Nynorsk – Ein snarveg til god juss?

Forskjellen mellom bokmål og nynorsk ligg ikkje i orda, fortel høgsterettsdommar Borgar Høgetveit Berg, men i stilen. Han meiner målforma har klare fordelar kva gjeld juridisk skriving – så klare at nynorskstudentane jamt over skriv betre juss enn bokmålsstudentane, hevdar han.

Portrettfoto av høyesterettsdommer Borgar Høgetveit Berg ikledd den høytidelige dommerkappen.

Høgsterettsdommar Borgar Høgetveit Berg (Foto: Sturlason)

Eit kvardagsleg språk om kvardagslege ting?

At nynorsk kan brukast som rettsspråk har ikkje alltid vore sjølvsagt.

Den første nynorske lova blei vedteken i 1894. Innhaldet i lova, som vedtok felles tidssone for heile riket, blei ikkje handsama under stortingsdebatten. Debatten handla berre om målforma. Kunne ein skrive lovar på nynorsk?

Stortingsrepresentanten Bonnevie kalla det heile eit «demonstrativt Experiment». Etter meininga hans var nynorsk «et dagligdags Sprog, som kun omhandler dagligdagse Ting». I en lov derimot «forekommer Ting, som ligger langt udenfor det dagligdagse».

Det er nok få i dag som vil gå like langt som stortingsrepresentant Bonnevie i 1894. Likevel blir det retta kritikk om at nynorsk språk manglar presise juridiske termar også den dag i dag. Det nyaste bidraget i denne tradisjonen er advokat Olav Lægreid sitt innlegg i Advokatbladet, der han argumenterte for at mange nynorske juridiske termar er tvitydige og upresise. Lægreid møtte like etter kraftig motbør frå ei rekke nynorskjuristar.

Slår eit slag for ordboka

Heller ikkje høgsterettsdommar Borgar Høgetveit Berg let seg overtyde av argumenta til Lægreid. Berg meiner at skilnaden mellom bokmål og nynorsk ikkje dreier seg om sjølve orda, slik nokon hevdar.

Visst manglar nynorsk enkelte termar som kan vere viktige i ei juridisk samanheng, men då kan ein ganske enkelt skrive nynorske variantar av kjente og kjære bokmålsord, slik professor Jørn Øyrehaugen Sunde påpeikar i artikkelen «Motkultur sikrar kvalitet». Bokmålsordet «myndighet», for eksempel, kan skrivast som «myndigheit» på nynorsk. Ein kan også bruke «makt» eller «styresmakt», avhengig av om det er kompetanse eller organ ein meiner.

Høgetveit Berg har også lite til overs for synspunktet om at nynorsk er vanskelig å forstå på grunn av framandord.

– Det verkar som om ein del folk trur at det er feigt eller ikkje sømer seg å slå opp i ordboka. Mange utbasunerer heller si eiga fåkunne enn å nytte høvet til å lære meir. Det er ganske artig når studentar seier «det nynorskordet der, det forstår jeg faktisk ikke». Ville dei ha sagt det høgt – skrytt av eiga kunnskapsløyse – om det var eit bokmålsord eller eit engelskord dei ikkje visste tydinga av?

Han fortel at sjølv så har han alltid både ordbok og andre hjelpemiddel føre seg når han skriv, anten det er bokmål, nynorsk eller engelsk.

Bildet viser et gjenkjennelig nærbilde av en av sidene i en ordbok.
Det verkar som om nokre er allergiske mot å slå opp i ordboka. (Foto: Joshua Hoehne/Unsplash)

Nynorsk stil

Slik Høgetveit Berg ser det, er den eigentlege skilnaden mellom bokmål og nynorsk å finne i stilen. Nynorsk er eit språk med ein aktiv form, påpeiker han.

Verb kan skrivast både i aktiv og passiv form. Når verbet blir skrive i aktiv form, framkjem det klårt kven som utfører handlinga (subjektet). Til eksempel: «Peder anfører at ...» I passiv form derimot er subjektet skjult. Det skjer anten ved å bruke hjelpeverbet «blir», eller ved å leggje til ei s-ending på verbet. For eksempel: «Det anføres at ...» eller «Det blir anført at ...»

Stiltrekket med aktive verbformer har samanheng med at nynorsk generelt har ein handlingsorientert stil, der verb speler ei viktig rolle. Det er ofte verba som er den sentrale meiningsberaren i nynorske setningar, ikkje substantiva.

Den handlingsorienterte nynorske stilen står i motsetnad til kansellistilen, kjenneteikna blant anna av passive verbformer og utstrakt substantivering. Kansellistilen har nemleg røter i latin og tysk – språklege påverknadar som Ivar Aasen ville utreinske då han samanstilte språket me i dag kallar nynorsk.

I boka Hovuddrag i norsk språkhistorie gir professorane Arne Torp og Lars S. Vikør eit døme på denne stilskilnaden. Ta formuleringane «Stemmesedlene skal telles opp» og «Opptellingen av stemmesedlene skal finne sted». I den første setninga er det verbkonstruksjonen «telles opp» som er dei sentrale meiningsberarane. Denne setninga kan me kalle handlingsorientert, i samsvar med nynorske ideal. I den andre setninga blir meiningsinnhaldet derimot formidla gjennom substantiva «opptellingen av stemmesedlene», samstundes som verbalet «finne sted» er ganske innhaldslaust.

Eintydig, klart og rett på sak

Bruk av nynorske stiltrekk kan ha gode grunnar for seg. For det første er aktive verbformer eintydige kring kven som utfører handlinga. Ved bruk av passiv form er subjektet skjult. Lesaren må difor «gjette» utifrå konteksten. Difor eignar passive verbformer seg best der subjektet ikkje er sentralt for setninga sitt meiningsinnhald. Til dømes: «Huset blir rengjort hver helg». I ei juridisk samanheng er det ofte meir vesentleg å vite kven som handlar. Er det saksøkte eller saksøkar som anfører, når det står «Det anføres at...»?

Høgetveit Berg meiner dessutan at den handlingsorienterte nynorskstilen gjer at tekstane oftare går rett på sak enn mange bokmålstekstar. – Ein del bokmålsjuristar har ei eiga evne til å bruke mange og unødvendige ord, seier han.

Det viser seg nemleg at mange trekk ved det nynorske, handlingsorienterte stilidealet går overeins med moderne klarspråkråd. Språkrådet fråråder kansellistilen, som nær sagt er den handlingsorienterte nynorsken sin diametrale motsetnad. Nynorskmann og jusprofessor Nikolaus Gjelsvik påpeikte dette allereie i 1928, då han formulerte eit juridisk klarspråkprogram i innleiinga til boka Juridisk ordliste:

“I rettsmaalet som i anna maal er ikkje ordi det vandaste, men sjølve stilen. Rettstankane er jamnast enkle og klaare i seg sjølv. Det gjeld berre aa gjeva dei ei enkel og klaar form (...) Det norske folkemaalet er her til stor hjelp, naar ein berre lærer seg til aa nytta dei fyremunene det hev.

Blant anna dette er grunnen til at professor Jørn Øyrehaugen Sunde kallar nynorsk for ein motkultur. Nynorskjuristar som professor Gjelsvik utfordra dåtidas utbreidde stilideal på bokmål, som var ein variant av kansellistil. Resultatet blei at bokmålsrettsspråket gjorde store sprang i retning av eit klarare og meir tilgjengeleg språk, som til slutt kan seiast å ha kulminert i dagens klarspråksarbeid.

Gammelt sort/hvitt fotografi av professor Nikolaus Gjelsvik
"Nikolaus Gjelsvik var den første bondefødde universitetslæraren i jus her i landet og grunnleggjaren av det nynorske rettsmålet. Han var ei drivkraft i arbeidet for målsak, folkeopplysning og nasjonalt sjølvstende." Slik lyder professor Kåre Lilleholts samanfatning av mannen i Store Norske Leksikon. (Foto: Ukjent)

Snarveg til gode karakterar?

Til tross for at nynorsk er eit veleigna språk for jussen, går mange nynorskstudentar over til å skrive bokmål når dei byrjar på jusstudiet. Ei av årsakene kan vere at lærebøkene ofte er på bokmål, slik at nynorskstudentar blir tvungne til å oversette juridiske bokmålsord til nynorsk. Det kan vere krevjande, særleg om ein er fersk jusstudent på første avdeling.

Høgetveit Berg oppfordrar likevel nynorskstudentane til å halde på målforma si. Sjølv om nynorsk kan føre til nokre særlege utfordringar, framheld han at fordelane er større enn ulempene.

– Ved å nytte nynorsk må ein ofte tenke gjennom kva i all verda dei mange stammeorda som blir brukt ukritisk heile tida i jussen, verkeleg tyder. Ordet «misligholdsbeføyelse», til dømes. «Beføyelse» gjekk sikkert ut av bokmålsordboka for snart 100 år sidan. Når du har skjønt det rettslege innhaldet av ordet så har du samstundes skjønt langt meir enn medstudentane dine.

Høgetveit Berg trur fordelane faktisk kan vere så store at nynorskstudentar jamt over får betre karakterar.

– Mitt glasklare inntrykk etter å ha undervist og sensurert i snart 25 år, er at studentar som skriv nynorsk, jamt over skriv betre enn studentar som skriv bokmål. Grunnen til dette er naturlegvis at språket er arbeidsverktøyet vårt, seier han og utdjupar:

– Det er ikkje rakettforsking at det er ein klar samanheng mellom kvaliteten på den skriftlege framstillinga og kvaliteten på den faglege prestasjonen.

Ingen problem i arbeidslivet

Heller ikkje i arbeidslivet har det medført noko problem å skrive på nynorsk, fortel høgsterettsdommaren, med 20 års erfaring som advokat både i privat og offentleg sektor.

Eg har aldri nokon gong opplevd at klientar har etterspurd bokmål i staden for nynorsk. Tvert om har eg ved nokre høve fått oppdrag nettopp fordi eg skriv nynorsk og ikkje bokmål, fortel han.

– Dessutan så trur eg at klientar har større tillit til ein rådgjevar som viser at han kan tenke sjølvstendig.

Publisert 29. des. 2020 10:04 - Sist endret 7. feb. 2022 10:21