Temaet for artikkelen er bruken av fjernmøte i norske domstolar etter utbrotet av covid-19 i Noreg våren 2020. Artikkelen drøftar også vegen vidare etter koronapandemien når det gjeld gjennomføring av hovud- og ankeforhandlingar i sivile saker, særleg om tilgangen til å gjennomføre heile hovud- og ankeforhandlingar som fjernmøte bør utvidast på permanent basis. Analysen er gjord med utgangspunkt i hovud- og ankeforhandlingar i sivile saker, men mange av observasjonane og refleksjonane som blir gjorde, vil vera relevante også for andre typar rettsmøte og for straffesaker.
Den overordna problemstillinga er i kva grad rettstryggleiken blir vareteken i fjernmøte, kontra i tradisjonelle rettsmøte der partane er fysisk til stades i rettssalen. Problemstillinga blir drøfta ut ifrå somme sentrale, sivilprosessuelle grunnprinsipp, hovudsakleg prinsippa om offentlegheit, munnleg sakføring og direkte bevisføring, samt målet om ein tillitvekkande og rettferdig prosess.
Artikkelen drøftar også betydninga av den fysiske rettssalen som «ramme» for rettsprosessen, og korleis fjernmøte påverkar tilliten til domstolane.