Studentaktiv læring

Praktiske øvingar i undervisninga gjev studentane erfaringar, ferdigheiter og gjev betre læring av teorien. Prosjektet "Studentaktiv læring" skal vidareutvikle masterprogrammet i rettsvitskap i ei praktisk retning.

– Vi skal aktivisere jussen, slik at dei lærer gjennom prosessar, i staden for berre å sitje passivt og lese.

Studiedekan Erling Hjelmeng til rett24.no

Studentaktiv læring er eit prosjekt som omfattar heile Masterstudiet i rettsvitskap, med både obligatoriske emne og valemne. Prosjektet skal utvikle og innføre fleire praksiselement i undervisninga, og utvikle den eksisterande skriveopplæringa. Målet er å styrkje og utvikle dei munnlege, skriftlege og digitale ferdigheitene til studentane.

Eit resultat vil vere at jusstudiet blir meir arbeidslivsrelevant. Vidare vil studentane få ei djupare forståing av kva det vil seie å vere jurist: Når studentane kan prøve ut teori gjennom praktiske øvingar og oppgåver, vil dei utvikle både rolleforståinga og den etiske refleksjonen.

CELL (Centre on Experiential Legal Learning) har ansvaret for gjennomføringa av prosjektet.

Meir om erfaringsbasert undervisning

Ferdigheitsstigen

Prosjektet har følgjande fem delmål:

  1. Utvikle og forankre Ferdigheitsstigen (sjå under)
  2. Utvikle undervisnings- og vurderingsformer som betre realiserer læringsmåla, basert på studentmedverknad
  3. Integrere digital kompetanse og biblioteket sitt kurstilbod i læringsdesignet
  4. Byggje opp pedagogisk kompetanse innanfor juridisk læring for å etablere eit nordisk og europeisk nav for erfaringsbasert læring
  5. Minske fokus på karakterpress og gjentak ved å gje studentane fleire arenaer å vise seg fram på enn den som er rådande på jusstudiet i dag: eitt semester – éin eksamen - éin karakter

I sentrum av prosjektet står utviklinga og forankringa av Ferdigheitsstigen, ein heilskapleg pedagogisk plan for opparbeidinga av ulike ferdigheiter i rettsstudiet. CELL har utarbeidd eit utkast til Ferdigheitsstigen. Prosjektet skal diskutere forslaga med fagmiljøa, og utarbeide konkrete forslag til aktivitetar, øvingar, nye undervisnings- og vurderingsformer.

illustrasjon, utkastet til ferdigheitsstigen, med føreslegne undervisningselement gjennom alle fem år i jusstudiet
Utkastet til Ferdigheitsstigen, utarbeidd av CELL.

I prosjektet er det ressursar til å utvikle nye undervisnings- og vurderingsformer, til kurs og opplæring i nye studentaktiviserande undervisningsmetodar og til å prosjekttilsetje studentar som læringsassistentar. Vidare ønskjer CELL å bruke prosjektperioden til å samle og dokumentere dei undervisningsmetodane dei tilsette ved fakultetet bruker og har god erfaring med.

Finansiering

Prosjektet er tildelt støtte frå HK-dir - Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, NOK 4 989 888 fordelt på treårsperioden august 2019–august 2022.

Dei tilsette ved fakultetet blir oppfordra til å søkje om prosjektmidlar for å utvikle studentaktive lærings- og vurderingsformer som vil vere med å bidra til at prosjektet oppfyller hovud- og delmåla sine.

Søk om prosjektmidlar ved dette nettskjemaet.

Samarbeidspartnarar

Interne samarbeidspartnarar ved UiO er LINK, Institutt for lingvistikk og nordiske språk, Institutt for informatikk, Psykologisk institutt og Institutt for statsvitskap. Prosjektet har fleire eksterne samarbeidspartnarar, dei viktigaste er; Lovdata, NAV, Justisdepartementet Lovavdelinga, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Språkrådet, Direktoratet for forvaltnings og IKT, Juristforbundet, Advokatforeningen og Juristenes utdanningsforbund.  

Kontakt

Prosjektleiar er Professor Erling Hjelmeng

Fagleg team er CELL

I media

Jus får millioner til nye studieformer (rett24.no)

Malcolm Langford vil ikke lenger undervise med 800 år gamle metoder

Publisert 14. juni 2020 13:12 - Sist endret 1. nov. 2021 18:29