– Forskarar må våge å setje agenda

Feiringa av 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov har vore storstilt. Initiativet kom frå forskarhald, noko initiativtakaren sjølv meiner var grunnleggande.

Ei bok, Landslova, oppslått.

Ein 750 år gammal middelaldertekst har fått mykje merksemd i 2024. Det er ikkje tilfeldig, ifølgje dei som står bak. 

Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Landslovsjubileet har til no truleg nådd ut til over to millionar nordmenn gjennom mellom anna utstillingar, skuleførestillingar og podkastar, ifølgje Nasjonalbiblioteket, som er nasjonal koordinator for prosjektet. Særleg har podcasten Dømt vore viktig.

Det heile starta i 2014, då professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde inviterte rundt 20 forskarar frå alle norske universitet til ei samling i Bergen. Der diskuterte dei markeringa av Magnus Lagabøtes landslov, ti år fram i tid.

Portrettbilde i sort/hvitt av Jørn Øyrehagen Sunde
– Medan politikarar og samfunnet elles kan vere nesten overdrive villige til å finne historiske hendingar å markere, er forskarar for tilbakehaldne. Vi må vere modigare, meiner professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: UiO

– Landslova hadde aldri vore markert før, sjølv om denne lovboka er unik i Europa. Ho er også starten på ein politisk tradisjon som vi framleis står i, der vi regulerer og styrer samfunnet gjennom lovgiving, seier Sunde.

Landslova av 1274  

Kong Magnus VI var den første som samla det norske kongeriket under éi lov.

Landslova var eit banebrytande arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus VI tilnamnet Lagabøte, som tydde «lovforbetraren». 

Lova står att som eit av dei viktigaste norske dokumenta frå mellomalderen. Lova gjaldt i over 400 år. Kongen vart bunden av lov og styringsdeltakinga var brei, noko som begge deler ga spirar til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett – ein føresetnad for demokratiet.

Kjelde: Nasjonalbiblioteket

Eit meir ope utgangspunkt

Han og kollegaene ønska å gjere grundig forsking i førekant av markeringa, og dei ville sjølve ta initiativet.

– Er initiativet politisk, er det lett at vi går inn i det historiske materialet på leit etter moderne verdiar som mangfald og berekraft. Men då set ein med éin gong rammer for forskingsmoglegheitene.

Set ein agenda utan å vere politisk, blir markeringa meir kunnskapsorientert og mangfaldig, meiner Sunde.

– Ein kan finne ting i historia som har relevans i dag, og som ingen har tenkt på før.

Grunnarbeidet tok tre år

I Landslov-prosjektet kunne engasjerte juristar, historikarar, filologar og teologar boltre seg i historisk materiale utan politiske føringar. Men krevjande var det. Å finne finansiering til eit tiåring prosjekt var vanskeleg.

Dei brukte tre år på å finne ut kva Landslova endeleg er. Fem personar var involverte i eit delprosjekt leia av norrønfilolog Magnus Rindal, og Nasjonalbiblioteket bidrog med midlar. Dette var ikkje forsking, men dokumentasjon, poengterer Sunde.

– Landslova finst i mange manuskript frå mellomalderen, og ingen er like. Vi skulle lage eit tekstgrunnlag for forsking, og då måtte vi samanlikne alle manuskripta for å finne ut kva tekst som mest sannsynleg var nærast røynda. Då ville vi også kome nærare den politikken som Magnus Lagabøte ønska å følgje.

Tverrfaglege utfordringar

Etter tre år med dokumentasjonsarbeid, hadde gruppa til Jørn Ø. Sunde eit godt kjeldemateriale. Dette danna utgangspunktet for forskinga, som vart gjort av mange aktørar på ulike stader i landet.

Ei såkalla tekstkritisk utgåve av Landslova vart publisert i 2018 med over 30.000 fotnotar. Denne er til bruk for forskarar og andre spesielt interesserte. Det vart også gitt ut ein kortare versjon, ein syntese, på både norrønt og nynorsk i ei praktutgåve i 2024.

Les meir om utgivingane her

I tillegg vart det laga ein lett tilgjengeleg versjon av Landslova på bokmål, der vidaregåande-elevar var testlesarar. I dette omsetjingsarbeidet var temperaturen i diskusjonane til tider høg, fortel Sunde.

Liggende bok med forsiden opp.
Den lettlesne bokmålsversjonen av Landslova vart eit kompromiss mellom ulike faggrupper, ifølgje Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: Are Flågan/Nasjonalbiblioteket

– Ulike faggrupper les lovtekstar på ulike måtar. Juristar er til dømes vane med å trekke ut mest mogleg informasjon, slik at same tekst kan brukast i mange slags saker. Filologar vil på si side vere opptekne av nøyaktig det som står der. Den lettlesne bokmålsversjonen vart på mange måtar eit kompromiss. Men samtidig trur eg at det gjorde teksten betre.

Publikumsrekord på Nasjonalbiblioteket

Mann stående med bok oppslått foran seg.
– Landslovsjubileet nådd ut til langt fleire enn vi kunne venta oss, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, her med Codex Hardenbergianus, som blir omtala som den finaste kopien av Landslova.  Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har bidrege med både innsats og midlar, noko som ifølgje Sunde har vore avgjerande for kvaliteten på arbeidet og for kor breitt ein har nådd ut.

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre ser prosjektet som vellykka. 

– Svartmetallutstillinga Nasjonalbiblioteket hadde i 2023, sette publikumsrekord, men ho vart knust av Landslovsutstillinga som vi har no. Med alle formidlingsgrepa vi har gjort, har Landslovsjubileet nådd ut til langt fleire enn vi kunne venta oss, seier Myhre.

Som Sunde trur han at det hadde stor verdi at initiativet kom frå forskarar og ikkje politisk hald.

– Når vi lagar jubileum, er historia det viktigaste. Det er mogleg å trekkjer linjer frå historia til samtida, men dette kan folk gjere sjølve.

Det viktige grunnarbeidet

Samtidig trur han ikkje nødvendigvis det held at ei markering er initiert av forsking og forskarar.

Dette kjem an på korleis ein går fram, påpeikar han.

– Det som blir markert, treng også å vere stort nok til å få gjennomslag, og Landslova er ein slik ting, meiner Myhre og legg til:

– I dette tilfellet har eit viktig kjeldearbeid lagt grunnlaget for kunnskapen om Landslova, og så har forsking, diskusjonar, utstillingar og utgivingar blitt lagt oppå. Denne typen arbeid er noko Nasjonalbiblioteket ønskjer å gjere meir av i åra framover. 

Publisert 5. juli 2024 12:25 - Sist endra 5. juli 2024 13:28