Hav, næring og bærekraft

Faggruppa ynskjer å stimulere til forsking og undervisningsaktivitetar i  skjæringsfeltet mellom ny og stadig aukande næringsaktivitet til havs, og trong for regulering av desse aktivitetane av omsyn til miljø, næringsomsyn og andre motstridande interesser.

Havvindpark
Foto: iStock

Bakgrunn

Mykje ny næringsutvikling i Noreg skjer i dag i sjøen og på havet. Store deler av havarealet er internasjonalt og dermed unntatt nasjonale jurisdiksjonar. Havforvaltning har derfor ein viktig internasjonal dimensjon.

Utgangspunktet ligg i havretten (Law of the Sea), og at statar kan bli einige gjennom traktatmekanismar, men óg i områder utanfor nasjonal jurisdiksjon trengs nasjonale reglar som styrer private aktørar. Dette kan til dømes gjelde ulike ansvarsspørsmål og spørsmål om tryggleik. Innanfor den økonomiske sona og på kontinentalsoklane gjeld nasjonal jurisdiksjon, som gjerne er oppfatta som meir velfungerande. Likevel kan ein spørje om dei ulike sektorreguleringane for skipsfart, fiskeri, petroleumsutvinning, havbruk og dei framveksande reguleringane av havvind og mineralutvinning på havbotnen, er godt nok samordna som samla havforvaltning.

Viktige spørsmål er korleis næringsinteressene skal samordnast med kvarandre og regulerast i forhold til utnytting av og forureining av økosystema. Forventningane til ei forvaltning som ivaretek både næringsinteresser og miljøinteressene kjem stadig tydelegare til uttrykk i samfunnet. Aktuelle spørsmål er óg knytt til korleis ein skal gjennomføre verneområde i havet, og kva som krevst av forbod mot aktivitet for at eit område skal reknast som verna i relasjon til ulike aktivitetar. Dei to elementa i berekraftmål 14 omfattar nettopp å verne eller bevare, og å utnytte på ein berekraftig måte.

Aktivitet

Gruppa vil ha jamlege møter for å diskutere den pågåande forskningsaktiviteten til medlemmane, saman utvikle nye problemstillingar, og slik legge til rette for publiseringar på dette området.

Gruppa vil i løpet av perioden vurdere om det er grunnlag for å søke om eksterne forskingsmidlar innanfor temaet.

Gruppa vil særleg samarbeide med Forskargruppe for Naturressursrett, Avdeling for Energi- og ressursrett, Avdeling for Sjørett, Oslo Law of the Sea Forum og andre relevante miljøer ved fakultetet.

Medlemskap

Primærmedlemmer

Assosierte medlemmer

Gruppa ynsker særleg i den første fasen å invitere eksterne fagpersonar som kan være med å utvikle forskningsidear gjennom å bringe inn erfaringar frå eiga forskning i skjæringsfeltet næringsregulering og miljøregulering til havs.

Gruppa vil også søke å ha kontakt med næringsaktørar for å sikre at forskningsaktivitetane som blir sett iverk er relevante og byggjer på oppdatert kunnskap.

Varighet

Faggruppen er opprettet med 3 års varighet fra 1. august 2022. 

 

Emneord: Havrett, Hav, Havvind, Havbruk, Havbruksrett, Havbruksforvaltning Av Katrine Broch Hauge, Camilla Arnøy
Publisert 20. des. 2022 16:39 - Sist endret 21. des. 2022 09:36