Presentasjon av området
Forskingsområdet naturressursrett omfattar nasjonale og internasjonale rettsreglar for forvaltninga av naturressursar og naturmiljø, med vekt på å sikra berekraftig forvaltning, bruk og vern av natur- og miljøverdiar.
Forskingsområdet omfattar og bind saman fleire fag, som miljørett og klimarett, energirett, rettsforholdet til fast eigedom og urfolk sine rettar til naturressursar.
Det går på tvers av det tradisjonelle skiljet mellom offentleg rett og privatrett. Naturressurs- og miljøretten er i stor grad prega av internasjonale konvensjonar, og det er òg eit omfattande regelverk i EU som slår inn i norsk rett gjennom EØS-avtalen.
Feltet er samstundes prega både av overgripande prinsipp og eit omfattande og til dels detaljert lov- og forskriftsverk.
Forskargruppa arbeider med samansette og ofte komplekse problemstillingar, som krev innblikk i ulike fag og rettsvitskapelege metodar. Mellom anna er rettsøkonomiske problemstillingar og perspektiv mykje framme i dei faglege diskusjonane. Gruppa har medarbeidarar både frå Institutt for privatrett, Institutt for offentleg rett og Nordisk institutt for sjørett.
Samarbeid
Naturressursgruppen har samarbeid med mange forskere og forskningsmiljøer innenfor naturressursrett i inn- og utland. Naturressursgruppen samarbeider også med enkelte faggrupper ved UiO JUS, som er nært forbundet med dens grunnlag og aktivitet, slik som faggruppene for klimarett, tingsrett og hav, næring og bærekraft. I alt omkring 10 utenlandske institusjoner er formelle samarbeidspartnere i prosjektene.
Studieprogrammer og emner
- Valgemnet JUS5920 - Miljørett
- Valgemnet JUR1920 – Miljørett (BA)
- Valgemnet JUS5251 - Ekspropriasjonsrett
- Valgemnet JUS5520 - International Environmental Law
- Valgemnet JUS5911 - International Climate Change and Energy Law
- Valgemnet JUS5831 - Environmental Law and economics
Emner for masteravhandling
Her finner du titler på aktuelle masteravhandlinger i følgende fag: Plan og bygningsrett, miljørett, tingsrett, eiendomsrett og ekspropriasjonsrett.