Norsk politirettshistorie 1686-2016

Norsk politirettshistorie 1686-2010 er eit forskingsprosjekt hovudsakleg finansiert av Politidirektoratet og Universitetet i Bergen. Prosjektet er leia frå Juridisk fakultet i Bergen av Anne Lise Fimreite og Gert Johan Kjelby, i samarbeid med Jørn Øyrehagen Sunde ved Institutt for offentlig rett, Universitetet i Oslo.

Politiet som organisasjon og politiet sine oppgåver utgjer i dag ein vesentleg del av norsk forvaltning. Opphaveleg var politi sjølve forvaltninga, som frå reformasjonen har vorte differensiert og oppdelt fram mot forvaltningsstaten av i dag. Norsk politirettshistorie er dermed òg historia om framveksten av den norske staten, og interaksjonen mellom statsmakt og borgarar.

Norsk politirettshistorie er inga uskriven historie. Det finst både større og mindre forskingsbidrag, og ikkje minst er det er skrive fleire framstillingar av lokalt politi si historie. Desse arbeida og framstillingane er likevel i tid, geografi eller tema avgrensa. Norsk politirettshistorie 1686-2016 har som siktemål å gje ei samanhengande og einskapleg framstilling av norsk politi i ein perioden på over 400 år då den moderne norske staten vart skapt.

 

I forskargruppas lokalar sit to av forfattarane :

Publisert 29. jan. 2021 12:56 - Sist endret 4. apr. 2022 11:01