Juss på nynorsk

Det nynorske rettsspråket må vedlikehaldast og utviklast for å sikre rettstryggleik gjennom klart språk. Difor satsar klarspråksatsingen og CELL på skrivekurs for nynorskbrukande studentar denne hausten.

Denne hausten byrjar vi med skrivekurs for nynorskbrukande jusstudentar. På kurset vil vi dele erfaringar, analysere juridiske tekstar, og lese og kommentere studenttekstar på nynorsk. 

Behovet for å kommunisere klart og tydleg er relevant for oss alle. Dette behovet gjer seg særskilt gjeldande i møte med offentlege instansar som til dømes rettsvesenet. Norsk juss er dominert av bokmål og dei fleste lærebøker, dommar og lover er skrivne på den dominerande målforma. Dette kan by på utfordringar for både nynorskbrukande jusstudentar og andre med nynorsk som hovudmål.

 - Rettsspråket er eit fagspråk som skal sikre presisjon, som igjen er ein føresetnad for at rettssystemet med sine mange aktørar sikrar rettstryggleik. Samstundes er det òg ein føresetnad for rettstryggleik at innbyggjarane forstår rettsspråket. Difor må ein har eit klart rettsspråk som tener begge føremål, seier professor Jørn Øyrehagen Sunde.

Øyrehagen Sunde er ein av tre som skal undervise i juss på nynorsk dette semesteret. Dei andre to er høgsterettsdommar Borgar Berg og jusstudent Solveig Brunvoll. Berg har skrive juridisk litteratur og vore advokat før han vart dommar, og Brunvoll er jusstudent og veit kva utfordringar nynorskskrivande studentar står ovanfor i dag. Kurset er ein pilot under utvikling, og planen er å halde tilsvarande kurs ved Juridisk fakultet i Bergen og Tromsø. Kanskje også ved jussutdanningane i Stavanger, Kristiansand og Lillehammer.

- Klarar ein ikkje å få fleire til å bruka nynorsk på ein klar måte som rettsspråk, vil det forsvinna, og føra til mindre tilgang til juss, og dermed mindre rettstryggleik, for dei nynorskbrukande innbyggjarane i Noreg, seier Øyrehagen Sunde.

 

Publisert 7. okt. 2023 09:48 - Sist endret 7. okt. 2023 09:48