Mandat om klart språk må forplikte

Der er behov for ei fast, forpliktande ordning for kvalitetssikring av regelverk som også ser på språk og struktur, meiner Språkrådet. Slik kan forvaltninga bli meir effektiv, og borgarane lettare forstå sine eigne rettar.

Illustrasjon: en krussedull og en pen sirkel, begge med piler igjennom

Illustrasjon: Colourbox

Der er fleire grunnar til at Språkrådet har valt å prioritere kvalitetssikring av språket i lover og forskrifter. Lover og forskrifter påverkar avgjerder på alle nivå i samfunnet, og dei inneheld viktig informasjon om rettar og plikter. Det er avgjerande for demokratiet at folk forstår eigne rettar og plikter. Eit uklart lovspråk kan vere til hinder for denne forståinga.

Skribentar i det offentlege er i stor grad  bundne av teksten i det regelverket dei skal forvalte. Ofte blir uttrykksmåtar frå regelverket gitt att i andre tekstar, til dømes vedtaksbrev. Uklart formulerte reglar er dessutan vanskelegare å handheve, og kan gjere forvaltninga mindre effektiv. Med eit klarare språk kan forvaltninga spare både tid og pengar.

Interessa for eit klart, godt og brukarvennleg språk i lover og forskrifter har auka dei siste åra. Språkrådet bidreg i dag med kvalitetssikring av språket i viktige lovtekstar som angår mange. Eit døme er utkastet til ny forvaltningslov. Forvaltningslovutvalget har ynskt å gi lova ei oppbygging og språkdrakt som skal gjere lova så lett som mogleg å setje seg inn i og bruke, og har fått støtte frå Språkrådet i dette arbeidet. Språkrådet har også utarbeidd ein nynorsk versjon av lovforslaget.

Formuleringar om klart og forståeleg språk er tekne inn i mandatet til fleire lovutval, men det er usikkert i kva mon dette blir følgt opp i praksis. Språkrådet meiner at det trengst ei fast, forpliktande ordning for kvalitetssikring av regelverk der både innhald, struktur og språk blir ivaretekne, og vil arbeide for å få skipa ei slik ordning.

 

Under Lovkonferansen 2019 vil seniorrådgivar i Språkrådet Anna Senje fortelje om arbeidet med ein rettleiar for godt regelspråk.

Tid: 4. juni kl. 12:45.    Stad: Gamle festsal

 

Direktør i språkrådet Åse Wetås held innlegget Lovspråk: På tide å stille krav.

Tid: 4. juni kl. 16.15.    Stad: Universitetets aula

 

Språkrådet er medarrangør av Lovkonferansen 2019. 

Av Sunniva Rebbestad
Publisert 22. mai 2019 15:03 - Sist endra 8. mars 2023 10:44