Mot eit enklare og brukarvenleg regelverk

Difi (direktoratet for forvaltning og IKT) har ansvaret for regjeringa si satsing på språk i staten, og leier prosjektet Klart lovspråk som var sett i gang hausten 2011.

IStrektegning av personer som har idémyldring

Illustrasjon: Colourbox.com

Prosjektet Klart lovspråk har hatt som langsiktig mål å gjere arbeidet med språket til ein naturleg og sentral del av lovutviklinga. Tanken har vore at dei som skriv reglar skal arbeide systematisk for at lover og forskrifter som er spesielt viktige skal bli klårare og meir forståelege.

Nye arbeidsmetodar for lovgiving

Klart språk integrert i utforminga av lover 

Eitt av tiltaka som var sett i gang, var arbeidet med å betre og forenkle språk og struktur i fire nye lover: adopsjonsloven, forsvarsloven, arvelova og opplæringslova. Under utarbeidinga av desse lovene har juristar og fagfolk i departementa fått bistand frå både Språkrådet og Justisdepartementets lovavdeling. Det har blitt prøvd ut nye arbeidsmåtar, som skriveverkstadar og brukartesting. Den nye og forenkla forsvarsloven tredde i kraft 1. juli 2017, og førearbeida ber tydeleg preg av språkarbeidet som vart lagt ned: Der ein i kommentarane til den enkelte paragrafar vanlegvis kan lese om «språklege endringar» eller «språklege justeringar», kan ein i proposisjonen til ny forsvarslov også fleire stadar lese om «språklige forenklinger». Vidare heiter det at stammespråk er erstatta med enklare og meir til gjengeleg språk, at språket er avbyråkratisert og gjort meir folkeleg og at vanskelege omgrep er forsøkt erstatta eller forklart.

Ny og brukartilpassa adopsjonslov tredde i kraft 1. juni 2018. Den nye arvelova vart vedteken 9. mai i år, og Opplæringslovutvalget skal levere si utgreiing innan 1. desember 2019. Det står altså att å sjå korleis lovene vil bli mottekne og forstått av brukarane over tid. 

Opplæring og rådgiving

Dei siste åra har det blitt jobba vidare med språkkompetansen i departementa, og som har ført til fleire lover med klart og godt språk. Dette skjedde primært gjennom utlysing av «pakketilbod» til departementa, som bestod av seminar, språkbistand og brukartesting. Også i dette arbeidet har Språkrådet vore ein viktig samarbeidspartnar.

I 2018 byrja Difi med rådigving om bruk av klart språk i lovtekstar. Bakgrunnen for dette var at direktoratet i 2017 lyste ut to pakkar med språkfagleg hjelp til departement som skulle setje i gang med lovarbeid. Difi følgjer dette arbeidet vidare i 2019, og tek sikte på å brukarteste alle involverte lover.

Stipend for jusstudentar

Som ein del av prosjektet Klart lovspråk deler Difi i år ut to nye stipend for jusstudentar som skriv masteroppgåve om klart lovspråk. Stipenda er utlyst for studentar som skriv master hausten 2019 eller våren 2020. Gjennom masteroppgåvene ynskjer direktoratet å få meir kunnskap om:

  • brukartesting av lovtekst
  • samanhengen mellom klart lovspråk og digitaliseringsvenleg lovverk
  • andre problemstillingar knytt til lovspråk som vil ha nytteverdi for forvaltninga

Tidlegere har tre jusstudentar skrive masteroppgåve og klart lovspråk med Difi-stipend. Oppgåvene deira kan du lese på Difi sine hjemmesider (lenke til Difi.no

 

Seniorrådgivar i Difi Tone Bringedal kjem til Lovkonferansen 2019 for å snakke om digitalisering av regelverk.

Tid: 5. juni kl. 12:15.    Stad: Gamle festsal

Difi er medarrangør av Lovkonferansen 2019.

 

Kjelder:

Difi.no

Klarspråk.no

Av Sunniva Rebbestad
Publisert 31. mai 2019 11:00 - Sist endra 8. mars 2023 10:44