Noreg vertskap for OECD-konferanse om god regulering

13.-14. juni i år er Regelrådet og Direktoratet for økonomistyring vertskap for den årlege fagkonferansen Measuring Regulatory Performance. Temaet for årets konferanse er «The Future of Lawmaking», sett i ljos av dei utfordringar og moglegheiter ny teknologi representerer. Konferansen er ei naturleg forlenging av Lovkonferansens fyrste dag, kor temaet er «Den norske lovgivningsmodellen og lovspråk».

Logo for konferansen, tekst: "the future of law-making"

Hentet fra: Direktoratet for økonomistyring

Dette er 11. gongen OECDs Regulatory Policy Committee sin konferanse om god regulering går av stabelen. Komiteen vart skipa i 2009, for å støtte både medlemar og ikkje-medlemar av OECD i arbeidet med regelreform. Overordna føremål for komiteen er å:

  • fremje strategisk, evidensbasert og innovativ offentleg regulering
  • støtte innsatsen med å lage fungerande, effektive og rettferdige rammeverk for regulering
  • styrke offentleg styring gjennom retningslinjer for regulering som sikrar openheit, legitimitet, ansvarsfordeling og rettssikkerheit 

Reguleringsreform i ein digital tidsalder

Dette er fyrste gong Conference on Measuring Regulatory Performance finn stad i Noreg. Årets konferanse tek opp tema som vil vere relevante for alle med interesse for reguleringspolitikk: Korleis oppnå god regulering i ei verd i rask endring? Korleis tilpasse tradisjonelle reguleringsverktøy for å gi styresmaktene det rette grunnlaget for å regulere teknologiar som endrar samfunnet? Korleis bruke data til å evaluere om regelverk fungerer?

13. juni vert konferansen opna av finansminister Siv Jensen, med kommentarar frå deltakarar frå OECD.

Under sesjonen «Evidence-based policy making in a rapidly changing world» vil deltakarane få høve til å reflektere over korleis ein kan gå fram for å vurdere effekten av regulatorisk nyskaping, samt det framtidige forholdet mellom førehands- og etterevaluering av lover.

Deretter vil det følgje ein panelsamtale om korleis teknologisk utvikling kan vere ein drivar for betring av kvaliteten og tilgangen til vurderingsdata: Kvifor er det slik at dei som arbeider med regulering ofte manglar gode data og bevis? Korleis kan institusjonar som statistikkbyrå betre innsamlinga, kvaliteten og tilgangen til informasjon? I kva grad kan offentleg sektor lære av privat sektor når det kjem til å bruke stordata, smarte data og algoritmar til å vurdere verknaden av regulering? Korleis skape aksept for bevis som indikerer at ei lov ikkje fungerer?

Som ein del av det lukka programmet 14. juni vil også vitskapleg ansvarleg for Lovkonferansen 2019, Jon Christian Fløysvik Nordrum, halde opningsforedraget «The Future of Law-Making in Norway».

Du kan få med deg fyrste dag av konferansen via direktestrøyming på Regelrådet sine nettsider (lenke til Regelrådets nettsider). 

Regelrådet har som føremål å bidra til at næringslivet ikkje vert påført unødvendige byrder gjennom nytt og endra regelverk. Nestleiar i Regelrådet og partnar i Arntzen de Besche Joar Grimsbu kjem til Lovkonferansen 2019 for å dele erfaringar frå Regelrådet sitt arbeid.

Like etter følgjer sjefen for Statsministerens kontor på Island, Páll Þórhallsson, for å snakke om reformene av islandsk lovgivingsprosess i lys av norsk lovgivingsprosess og OECD sine tilrådingar.

Stad: Universitetets aula           Tid: 4. juni kl. 12:45

Av Sunniva Rebbestad
Publisert 30. mai 2019 14:39 - Sist endra 8. mars 2023 10:44