Konferansen nærmar seg med stormsteg

4. og 5. juni nærmar seg med stormsteg. Vi er overvelda over kor mange som ynskjer å dele desse to dagane med oss – vi har nærmare 450 påmelde, og kan melde om deltakarar frå både innland og utland, privat og offentleg sektor og studentar og akademikarar frå fleire norske universitet.

Kart over Universitetsplassen, kan lese på https://www.uio.no/om/finn-fram/omrader/sentrum/

Kart over Universitetsplassen

Om lokala – praktisk informasjon

Grunna pågangen har vi vore nøydde å flytte delar av konferansen til større lokale. Oppstart 4. og 5. juni vil vere i Universitetets aula. Utover dagen vil vi fordele oss i Aulaen, Gamle festsal og auditorium 14 i Domus Bibliotheca. Alle lokala har inngang frå Universitetsplassen. Kart og informasjon om lokala finn de i programmet. 

Vi har laga eit program som syner heistilgang m.m. (pdf). Det vil vere teleslyngje i alle rom kor det vert nytta mikrofon. Gi beskjed til Anne-Marie Gulichsen dersom du har behov for tilrettelegging som du ynskjer at vi skal vere klar over og som ikkje er oppgitt i påmeldingsskjemaet.

Vi minner om at Aulaen og Gamle festsal er verna rom. Det er derfor ikkje lov med mat og drikke i lokala.

Vi minner også om at lunsj er atterhaldt dei som har meldt seg på denne i eiga skjema.

Eit samlingspunkt for framtida

Lovkonferansen vil finne stad anna kvart år framover. Årets konferanse legg grunnsteinen for det vi håper vil verte eit samlingspunkt for alle som arbeider med lovgiving, klårt lovspråk og digitalisering. Ta gjerne kontakt om du arbeider med eit prosjekt du tykkjer vi burde skrive om. Vi vil også publisere tekstar på nettsida under konferansen.

Vi ser konferansen som eit gyllent høve til å knyte nettverk og utveksle erfaringar. Vi håper derfor at de vil delta aktivt i sosiale medium før, under og etter konferansen.

Etter det faglege programmet 4. juni opnar vi Frokostkjelleren i Universitetshagen for konferansekafé, for alle som ynskjer å ta ein brus i godt lag.

Ver venleg å gi beskjed dersom du vert hindra i å delta.

Vi ser fram til lærerike og spanande dagar saman med dykk.

 

Vel møtt!

 

Jon Christian Fløysvik Nordrum

vitskapleg ansvarleg

 

Anne-Marie Gulichsen

administrativt ansvarleg

 

Twitter: @Lovkonferansen #Lovkonferansen

Publisert 2. juni 2019 11:00 - Sist endra 8. mars 2023 10:44