Å lage gode lover er krevjande. Det føreset forståing av retten og rettssystemet og korleis desse verkar i samfunnet, at ein meistrar dei tekniske sidene ved lovgivinga og at ein har evne til å uttrykke reglar gjennom eit forståeleg språk. Lovgivingskunsten er både vitskap og handverk. Eller som den danske rettsvitaren Alf Ross påpeiker, «lovgivning [er ikke] så enkel en sag, som man ofte tror, men en kunst, hvis lykkelige udfald er betinget ikke blot af indsigt og overvejelse, men også indføling, takt og fantasi».
Lovkonferansen skal vere ein stad kor akademikarar og praktikarar kan drøfte lovgivingsspørsmål. Programmet er bredt: Vi skal drøfte styrkar og veikskapar ved måten vi lovgir på, setje lovspråket og arbeidet med klårt lovspråk under lupa, drøfte nye utfordringar ved digitalisering av lovgiving, forvaltning og språk og kva dette har å seie for juristar og juristutdanninga.
Innleiarane har fått kort tid. Dette er gjort medvite, for målet med konferansen er å gi eit oversyn, gi smakebitar, vere ein stad kor mange frå ulike delar av forvaltninga og akademia møter einannan. Håpet er at deltakarane vil ta stafettpinnen vidare og arrangerer kurs, seminar, andre konferansar, og at ein finn fram til felles prosjekt. Vi går ikkje i djupna, men ynskjer at konferansen skal syne behovet for å gå djupare.
Konferansen er det verkelege startskotet for fakultetet si satsing på klarspråk og lovgivingslære. Han markerer også fakultetet si satsing på digitalisering gjennom prosjektet Den digitale jurist og auka rettsvitskapleg forsking på digitale endringsprosessar.
Vi er glade for at konferansen har vekt interesse. Det er påmeldt nærare 450 deltakarar.
Vi ser fram til to dagar med faglege foredrag, diskusjonar og mingling i Universitetsaulaen, Gamle Festsal og Frokostkjelleren.
Beste helsing
Dag Michaelsen Jon Christian Fløysvik Nordrum
Dekan Ansvarleg for konferansen
Oslo, juni 2019