Opning av Lovkonferansen 2019

Lovkonferansen 2019 vart opna av statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Paul Chaffey. Til stades var deltakarar frå ei rekkje departement, direktorat og tilsyn og universitet, samt deltakarar frå andre nordiske land.

Paragraftegn bak teksten: Lovkonferansen 2019, @Lovkonferansen #Lovkonferansen

Illustrasjon: Anne-Marie Gulichsen/UiO

Chaffey ynskte velkomen til det han omtalte om det synlege startskotet for Det juridiske fakultet si satsing på klarspråk. Han minna om intensjonsavtalen mellom Det juridiske fakultet og KMD, kor målet er at klarspråk innan 2026 skal vere ein integrert del av forsking og undervisning hjå fakultetet, og peikte på behovet for vidareutvikling av fagfeltet, samarbeid mellom akademia og forvaltninga og deling og spreiing av kunnskap.

Chaffey minna også om arbeidet med klårt lovspråk som har blitt gjort i departementa, i samarbeid med Difi og Språkrådet. Særleg viste han til at ny kommunelov, som har ei klår og strukturert utforming, og som har hausta god respons, og til forvaltningslovutvalet si integrering av klarspråk i arbeidet med ny forvaltningslov.

Vidare peika Chaffey på at det også er viktig at nytt regelverk er digitaliseringvenleg. Vi treng juristar som forstår tydinga av klart lovspråk og korleis dette legg til rette for digitalisering og automatisering i forvaltninga. I tillegg må det leggast til rette for samhandling på vers av sektorar og nivå i forvaltninga. Då trengst det lovgiving som gir forvaltninga heimel til å samle inn og dele informasjon.

Lovgiving i det 21. hundreåret

Neste post på programmet var førsteamanuensis Jon Christian F. Nordrum sitt foredrag om lovgiving og lovspråk i det 21. hundreåret. Nordrum er ansvarleg for klarspråkprosjektet ved Det juridiske fakultet og fagleg ansvarleg for Lovkonferansen 2019.

Nordrum starta med å understreke at lovgiving er sjølve statsstoffet. Heile vår samfunnsordning er bygd kring legalitet – med lov skal landet byggjast – og slik vil det vere i all overskodeleg framtid.

Nordrum framheva at vi idag står overfor utfordringar som vil krevje ressursar og samordning i stor skala, og som må løysast med lovgiving: miljøkrisa, utarming av det biologiske mangfaldet, klimakrisa. I tillegg medfører den teknologiske utviklinga fundamentale samfunnsendingar, som medfører at staten må finne nye metodar for lovgiving og regulering. Dette stiller krav til juristane og rettsvitskapen.

Etter tur tok Nordrum føre seg tre utfordringar juristar og rettsvitskapen må kome i møte:

  • Spørsmålet om måten vi lagar lover og forskrifter på byggjer på eit god nok kunnskapsgrunnlag.
  • Behovet for klarspråk – at lovgiving og forvaltning skal vere open, forståeleg og tilgjengeleg
  • Digitalisering av forvaltning og rettsstat

Eit godt nok kunnskapsgrunnlag?

Nordrum presenterte deltakarane for den kritikken OECD har retta mot den norske lovgivingsmodellen. Kritikken rettar seg først og fremst mot det som kallast evidensbasert regulering – at den norske modellen ikkje sørgjer for ei grundig nok utgreiing av kva konsekvensar lovgivinga vil ha. Nordrum avkledde det OECD omtalar som evidensbasert, ved å avsløre at dette dreier seg om spørjeundersøkingar. Han meinte at det ikkje er gitt at den modellen OECD fremjar høver for det norsk rettssystemet, kor det er fokus på samarbeid og på å byggje konsensus, og kor mykje av lovgivinga skjer over tid og gjennom delegering. Det er viktig, understreka Nordrum, at vi drøftar styrkar og veikskapar ved den norske modellen, heller enn å berre følgje OECD sine tilrådingar slavisk. Vi treng ein lovgivingsmodell som tek høgde for særeigenheitene i det norske rettssystemet.

Klarspråkarbeidet inn i ein ny fase

Med omsyn til klarspråk viste Nordrum til at det er særleg viktig at juristar skriv klårt, fordi dette er makta sitt språk. Det er dette språket som skal sørgje for gjennomføring av politikk og folkestyre, som avgjer kven som har rett eller plikt. At vi forstår kva juristar skriv er ein føresetnad for demokratisk deltaking – språket er verkestoffet som skal bere reglane fram til dei som skal etterleve lovene.

Nordrum forklarte at vi no er inne i ein ny epoke i det juridiske klarspråkarbeidet, kor det ikkje lenger berre handlar om å unngå bestemte ord og setningskonstruksjonar, men å skape tekstar og system som brukaren kan forstå. Han tok til orde for eit vidt klarspråkomgrep, som inneber at borgaren både skal kunne vite om relevante reglar, finne fram til desse, fortolke og forstå føresegnene og anvende dei på si sak. Ifølgje Nordrum er det å lese regelen og forstå han den lettaste biten av etappen, medan det å finne fram og å bruke jussen utgjer større utfordringar for den enkelt.

Eit hovudpoeng for Nordrum var at klarspråkforskinga må ta opp i seg jussen sine særeigenheiter – medvit om juridiske genre, om at reglar inngår i eit system av andre reglar som ein ikkje alltid har kontroll over, at juridiske tekstar veks og vert meir presise gjennom utvikling i praksis. At klarspråkforskinga er underutvikla på dette punkt, meinte Nordrum juristane måtte ta på si kappe.

Det digitale skiftet

Deretter kom Nordrum inn på det han omtalte som det digitale skiftet. Han viste til at den teknologiske utviklinga har snudd behovet for regulering på hovudet: Medan teknologien knapt set grenser for kva som er mogleg å gjere, må vi no spørje kor langt myndigheitene skal ha lov til å gå. Kvar skal denne grensa trekkast rettsleg, når dei faktiske grensene forsvinn?

Vidare spurte Nordrum korleis ein kan legge til rette for digitalisering gjennom lovgiving. Må ein for å mogleggjere automatisk sakshandsaming går vekk ifrå den norske teknikken med skjønnsprega vilkår, og erstatte desse med objektive vilkår og klåre alternativ? Eit alternativ til desse, fortalte Nordrum, var å bruke ei meir prinsipporientert lovgiving, med fullmakter som opnar for digitalisering på lågare nivå – som gir forvaltninga høve til å prøve ut og tilpasse reguleringa. Dette, understreka Nordrum, vil krevje at forvaltninga har gode prosessar for standardisering av skjønn og for å omsetje dette til algoritmar.

Nordrum avslutta med å oppfordre til å møte desse utfordringane med tverrfagleg samarbeid, og understreka behovet for ein open og innovativ rettsvitskap.

 

Følg konferansen via strøyming og delta i sosiale medium med #Lovkonferansen

Av Sunniva Rebbestad
Publisert 4. juni 2019 13:52 - Sist endra 8. mars 2023 10:44