Perspektiver ved avslutningen av en æra

Det var viserektor for forsking og innovasjon Per Morten Sandset som ynskte god morgon på andre dag av Lovkonferansen. Denne dagen var det duka for eit program med fokus på dei utfordringar og moglegheiter juristar må bryne seg på i møte med digitalisering og ny teknologi.

Bilde av Jørn Øyerhagen Sunde som snakker for Aulaen
Jørn Øyerhagen Sunde. Foto: Jon Christian Nordrum/UiO

Sandset starta med å sitere undervisningsdekanen ved Det medisinske fakultet, som plar seie at 50 % av det studentane lærer i løpet av studietida vil vere utdatert idet dei byrjar med praktisk arbeid. Med den rakse utviklinga som skjer på området for digitlaisering, er det ikkje ei enkel oppgåve å utdanne morgondagens juristar. Desse må raskt kunne tilpasse seg ny teknologi og vere i stand til å ta i bruk digitale hjelpemiddel.

Som døme på at jusstudiet blir meir digitalt, nemnde Sandset at ein ved UiO no er i ferd med å gå over til digital eksamen med digitale hjelpemiddel. Han nemnde også prosjektet ”Den digitale jurist”, kor studentane skal tileigne seg grunnleggande datavitskap og statistiske metodar, og slik bli i stand til å bidra til utviklinga av rettsteknologi. Å slå opp i papirlovsamlinga kjenneteina Sandset som ei etter kvart mindre etterspurt ferdigheit i arbeidslivet.

Ifølgje Sandset markerer Lovkonferansen overgangen frå papir til eit digitalt format. Likevel, påpeika han, er det framleis slik at dei som studerer og underviser ved Det juridiske fakultet har eit nært forhold til lovsamlinga. Samstundes utløyser aukande grad av digitalisering ei rekkje juridiske spørsmål, og fakultetet bør gå i front for å følgje denne utviklinga.

Sandset kom også inn på prosjektet VIROS, kor ein forskar på rettslege problemstillingar knytt til robotteknologi og kunstig intelligens. Kven har for eksempel ansvaret for personopplysningar i robotane sitt minne?

Sandset avslutta med å minne om at innovasjon er noko som må skje kontinuerleg, ein må tørre å prøve og feile, og slik gjennomføre ei fornuftig og kunnskapsbasert digitalisering av samfunnet.

Digitalisering i eit historisk perspektiv

Neste post på programmet var rettshistorikar og professor ved Universitetet i Bergen Jørn Øyrehagen Sunde, som hadde fått i oppgåve å setje den teknologsike utviklinga på rettsområdet i eit historisk perspektiv. Han forklarte, til ein aula i stor begeistring, korleis endringar i måten jussen vert formidlar på – frå munnleg, til skriftleg, til trykt, til digitalt format – også fører med seg nye former for statsdanning, nytt verdigrunnlag og ny logikk.

Frå munnleg til skriftleg lov

Sunde starta i mellomalderen, då lova fekk ein nytt medium; skrift. Framleis var det slik at det sagde ord – den jussen som var munnleg formidla – var den autoritære kjelda. Men med skrift gjekk retten likevel i frå å vere diskursiv til å bli meir lukka; ein måtte forholde seg til det som stod skrive, heller enn å diskutere kva som hadde blitt sagt. Skriftmediet kom opphavleg frå kyrkja, og førte også med seg kyrkja si forståing av subjektiv skuld inn i retten, samt ulike gradar av skuld alt etter som kor grovt lovbrotet var. Og samstundes som skrift var eit effektivt middel for å halde dei truande saman over store avstandar, gav det også mogelegheit for ein tenestemannsstat. Med skrift kunne ein sende politikken over store avstandar i form av lov, og på denne måten styre eit heilt rike.

Frå skrift til trykkekunst

Den neste utviklinga kom med trykking av lover, som i Noreg byrja sein på 1500-talet, men særleg breidde om seg på 16- og 1700-talet. Då var det framleis ei stund slik at det handskrivne hadde autoritet over det trykte – det er altså ein tendens at det tek nokre tiår frå eit nytt medum kjem på banden til ein byrjar å stole på det.

Med trykt skrift lukka jussen seg endå meir – med det ein kan kalle for bokstavforutberegneligheit. Heller enn manuskript med fleirfaldige variasjonar, stod no det same over alt. Legalitetsprinsippet hadde vore utenkjeleg utan ei slik utvikling. Med trykt skrift kunne ein også bruke lovgiving meir effektivt, og med dette kom ein større vilje til å drive politikk. Ein gjekk frå eit rike med spreidde tenestemenn til ein byråkratistat og ein nasjonalstat med embetsmenn som kollektivt utøvde kongen si lov.

Med reformasjonen kom også ei ny forståing av synd og skuld, kor synd vart sett på som eit samfunnsproblem. No ville ein identifisere syndaren, som leidde til ein eksplosjon av statleg verksemd – med politi, etterforsking, påtalemyndigheit, fengselsvesen og sinnssjukehus. Samstundes byrjar ein i denne perioden med systemslutningar – å finne løysingar ut ifrå rettssystemet dersom ein oppdaga lovtomme område.

Den digitale tidsalder

Sunde gjekk så over til å snakke om kva som skjer i dag. Eit poeng er at vi no ikkje står ved startstreken til ein overgangsperiode, men er midt inne i ein endringsprosess. Digitalisering av lover er i ferd med å erstatte trykt skrift. På dette punktet har Noreg vore eit føregangsland med etableringa av Lovdata i 1981. Likevel er det først no at vi synast å stole meir på den digitale enn den trykte versjonen, til dømes ved å gå over til digitale hjelpemiddel på eksamen.

Har så overgangen til eit digitalt lovverk fått konsekvensar for verdigrunnlaget i jussen? Her viste Sunde til at ein med automatisering og masseforvaltning nok vil bevege seg meir og meir vekk frå ideen om subjektivt ansvar, og over til det førkristne objektive ansvaret. Sunde meinte vidare at digitalisering er ein del av overgangen frå ein nasjonalstat til ein transnasjonal stat, kor store delar av rettskjeldene ikkje vert skapt på Stortinget, men utanfor norsk jurisdiksjon. Vidare representerer bruken av algoritmar i digital teknologi ein ny måte å tenkje å i jussen.

Vi er i siste halvdel av ein transformasjonsprosess, avslutta Sunde – i ferd med å rive oss laus frå fortida.

Lov som retorikk, og lov som meining

Så var det endeleg tur for den i klarspråksamanheng mykje omsnakka Ida Seljeseth. Ho er stipendiat ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier, og forskar på korleis klarspråk i det offentlege kan fremje demokrati og rettssikkerheit. Bakgrunnen for foredraget hennar er at den analoge lovsamlinga no går over til å bli meir symbolsk – kva skjer så når lova vert digitalisert?

Speglande og skapande språk

Seljeseth snakke fyrst om det ho kalla språkaksen – ein akse som går frå eit speglande språk, som forsøkjer å skildre røynda så sant som mogleg, og eit skapande språk, som definerer eller endrar røynda, og kan påverke vår forståing av verda og korleis vi handlar. Seljeseth sjølv meinte av lover var noko av det mest skapande språket ho visste om – dei bestemmer kven som er kriminell, definerer rett og gale, kven som er ufør, kven som har makt og kva plikter vi har. Den definerer normene for medborgarskap. Samstundes har lovspråket også ein speglande funksjon. Lova speglar rettskjensla i samfunnet, og når denne endrar seg, endrar vi også lova.

Spørsmålet er om dette endrar seg når lova vert digital. Ordlyden vert ikkje endra, men lova blir gjort tilgjengeleg på ein ny måte, vi søkjer i henne på ein ny måte, og kanskje finn vi noko anna enn vi ville gjort før? Kanskje sluttar vi også annleis frå teksten når vi les på skjerm? Seljeseth understreka likevel at det nok framleis er meir som er likt enn ulikt – det er dei same orda, lova blir til på same måte og ho har same status.

Intensjon og intensjonalitet

Vidare snakka Seljeseth om det ho kalla meiningsaksen: Ein akse som gikk frå  intensjon, som i kva forfattaren har meint, til intensjonalitet, som står for heile teksta si potensielle meining – den meining som er mogleg å legge i teksten. Her kan ein skilje mellom adekvate eller inadekvate lesingar, for å avgrense meiningspotensialet på ein fruktbar måte. I jussen har vi institusjonar som skal sikre adekvate lesingar av lova, som til dømes domstolane. Seljeseth skildra korleis lov er ein type tekst som genererer meining gjennom bruk, ein slags generert tekstintensjon som er avgjerande for kva som utgjer ei adekvat lesing.

Spørsmålet er så om digitalisering endrar lova sin intensjon og måten vi les ho på? Kan digitalisering påverke lova sitt meiningspotensial? Igjen understreka Seljeseth at likskapane nok er fleire enn ulikskapande, men at noko nok skjer når lova kjem i digital form. Kva dette noko er, er likevel veldig subtilt og vanskeleg å måle. Kanskje kan nye tekstlege samanhengar skape ny meining, andre tolkingar? Eit døme her er Lovdata, kor fleire rettskjelder vert lenka saman og skaper intertekstualitet. Er denne lenkinga styrnade for korleis jussen vert brukt?

Ein følgje av digitalisering er også at lova får fleire lesarar, og kanskje dermed også fleire inadekvate lesingar av lekfolk. Vil dette medføre at juristar følgjer spor dei elles ikkje ville kome på, eller elles ville unngått?

Til slutt foreslo Seljeseth at vi kanskje heller skal spørje korleis vi skal forholde oss til ei digital lov. Kva navigeringskompetanse og kritisk kompetanse treng jusstudentane? Korleis sikre at Lovdata sitt design ikkje påverkar lesinga av lova på ein lite konstruktiv måte? Korleis sikre at lekpersonar les lova på ein mest mogleg adekvat måte?

Av Sunniva Rebbestad
Publisert 5. juni 2019 13:38 - Sist endra 8. mars 2023 10:44