Disputas: Økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak

Cand. jur Tore Fjørtoft vil forsvare sin avhandling for graden Ph.d: Økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak

Tore Fjørtoft

Copyright: nyebilder.no

Tid og sted for prøveforelesning

 

Bedømmelseskomité

  • Professor Mads Andenæs, Universitetet i Oslo
  • Højesterettsdommer Jan Schans Christensen, København
  • Høyesterettsdommer Kristin Normann, Oslo

Leder av disputas

Veiledere

Sammendrag

Kva kan du krevje som medlem i eit samvirkeforetak?

Samvirkeforetaka spelar ei viktig rolle i norsk nærings- og samfunnsliv. Det er om lag     18 000 norske samvirkeforetak med til saman 2,5 millionar medlemmar. Coop har åleine 1,4 millionar medlemmar. Kva slags økonomiske rettar har du som medlem i eit samvirkeforetak? Kor omfattande er rettane? Og korleis blir økonomiske utdelingar frå foretaket fordelte mellom deg og dei andre medlemmane?

Desse tre spørsmåla blir inngåande drøfta i avhandlinga. Utgangspunktet er norsk rett, men avhandlinga har også eit stort innslag av utanlandsk og internasjonal rett. Spørsmåla blir drøfta i lys av både dei prinsippa og verdiane som ligg til grunn for samvirkerørsla, og dei reglane som gjeld for aksjeselskapa.
 

Samvirkeforetak kontra aksjeselskap

Eit hovudfunn er at dei økonomiske rettane som har mest å seie i samvirkeforetak, har minst å seie i aksjeselskap, og omvendt. Retten til å handle med foretaket, gjerne til gunstige prisar, er heilt grunnleggjande i samvirkeforetak. Medlemmane i Kredinor har t.d. rett til å nytte dei inkassotenestene foretaket tilbyr. Eigarskap i eit aksjeselskap gir ikkje grunnlag for nokon tilsvarande rett. Retten til utdelingar og retten til å selje eller pantsetje andelar spelar derimot ei vesentleg større rolle i aksjeselskap enn i samvirkeforetak. Avhandlinga søkjer å forklare  desse forskjellane.
 

Sentrale spørsmål

Avhandlinga drøftar spørsmål som: I kva tilfelle kan eit samvirkeforetak nekte å handle med medlemmane sine? Kan t.d. ein drosjeeigar som har forgripe seg på ein kunde, framleis krevje at drosjesentralen formidlar oppdrag for han? Kva slags tilgang har medlemmane på foretakskapitalen? Kan t.d. medlemmane i Coop eller TINE løyse opp foretaka og krevje nettoformuen utdelt til seg? Kva inneber det at økonomiske utdelingar skal fordelast mellom medlemmane etter kor stor omsetning kvar av dei har hatt med foretaket? Stengjer dette t.d. for at overskot frå verksemda kan fordelast likeleg eller etter kor store kapitalinnskot medlemmane har gjort?

Publisert 5. juni 2014 09:51 - Sist endret 23. jan. 2020 13:58