Innsyn og informasjon i areal og naturressursforvalting

Målet med avhandlinga er å gjere ei samanfattande undersøking av reglar som sikrar ålmenta informasjon og innsyn i forvaltinga av norske areal og naturressursar.

natur, himmel, sky, vann, tre

Foto: Marit Heier Lajord

Om prosjektet

Forvaltinga av areal- og naturressursar er eit viktig samfunnsområde og gjenstand for stendig aukande konfliktar. Utbyggjar- og næringsinteresse kan til dømes stå mot verne- frilufts- miljø- og urfolksinteresse, og det kommunale sjølvstyret kan stå mot statlege føringar. Avgjerder og disposisjonar får verknad i særs lang tid, også for alltid. Feltet er ikkje eit rettsområde, men fragmentert regelverk og mangslungne avgjerdsprosessar, der det offentlege har ulike roller.

Ein del av lovgjevinga for feltet, er offentlege informasjonsplikter og reglar om aktiv offentlegheit, medrekna om kunngjering, utlegging og offentleg ettersyn. Samstundes gjer grunngjevinga for det meir generelle offentlegprinsippet, slik det mellom anna kjem til uttrykk i Grunnlova § 100, om kunnskap, demokratisk deltaking, sikring av forsvarleg avgjerdsgrunnlag, tillit og kontroll, seg sterkt gjeldande.

Dette prosjektet gjeld ålmenta sin rett til innsyn og informasjon, og det offentlege si plikt til å informere, i forvaltinga av norske areal og naturressursar. Målet med avhandlinga er å gjere ei samanfattande undersøking av reglar som sikrar ålmenta informasjon og innsyn. Informasjonsplikter, informasjons- og innsynsrettar vil verte analysert som rettslege storleikar. Rettane og pliktene vil vidare verte analysert i relasjon til opplysingar og synsmåtar som ligg føre, i dei mangslungne disposisjonane som utgjer forvaltinga av areal- og naturressursane. Gjennom dette vil det søkast funne om det ved likearta reglar, og for likearta disposisjonar og avgjerder, gjer seg gjeldande utilsikta skilnader og er tilstrekkeleg samverknad.

Særskilde reglar om informasjonsplikter og rett til miljøinformasjon etter Grunnlova § 112, så vel som meir generelle reglar om dokumentinnsyn etter offentleglova og møteoffentlegheit etter kommunelova, vil verte handsama. Ved å undersøke tilhøva i avgjerdsprosessar knytt til hyttebygging, områdevern, vegbygging, kraftliner og vasskraftproduksjon, kan det vonleg penslast ut ein del av ein større bilete – om ålmenta får tilstrekkeleg informasjon om forvaltinga av norske areal- og naturressursar, og om sjølve forvaltinga av areal- og naturressursane. 

Mål

Planlagd ferdigstilling er hausten 2026.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av UiO.

Publisert 22. mai 2023 10:09 - Sist endra 22. mai 2023 11:33