Bandleggingar, planlegging og ekspropriasjon

Føremålet med prosjektet er å analysere grunneigarar si rettsstilling ved ulike former for bandlegging/råderettsband av fast eigedom i forkant av gjennomføring av infrastrukturprosjekt.

Bildet kan inneholde: sky, himmel, anlegg, kjøretøy, skråningen.

Illustrasjon: Colourbox.com

Om prosjektet

Doktorgradsprosjektet er i skjeringspunktet mellom offentleg rett og privatrett, og knyter seg til bandleggingar/råderettsband av fast eigedom i forkant av gjennomføring av offentlege infrastrukturprosjekt. Føremålet med prosjektet er å analysere grunneigarar si rettsstilling ved ulike former for bandlegging/råderettsband av fast eigedom i forkant av gjennomføring av infrastrukturprosjekt.

Infrastrukturprosjekt er tidkrevjande prosjekt, og det er ikkje uvanleg at det kan ta langt meir enn 10 år frå arbeidet med planlegging av eit nytt infrastrukturprosjekt tar til og fram til det faktisk blir gjennomført grunnovertaking og anleggsarbeida startar. For å hindre at grunneigarar startar opp tiltak på eigen eigedom som kan vanskeleggjere eller fordyre eit planlagt infrastrukturtiltak, har offentlege organ med ansvar for infrastrukturutbygging behov for å innskrenke grunneigar sin råderett over eigen fast eigedom i perioden med planlegging av eit nytt infrastrukturprosjekt fram til det faktisk blir gjennomført grunnovertaking. Plan- og bygningslova inneheld fleire rettslege grunnlag, som gjev det offentlege høve til å innskrenke grunneigar sin råderett over eigen fast eigedom på ulike stadium i planlegginga av ny infrastruktur.

Doktorgradsprosjektet vil sjå nærmare på balansering av behovet til det offentlege for å innskrenke grunneigarar sin råderett over eigen fast eigedom som ledd i infrastrukturprosjekt opp mot kvar enkelt grunneigar si interesse i å kunne nyte sin eigedom i fred. Som ledd i dette blir det stilt spørsmål om dei samfunnsmessige endringane som har skjedd siste 50 år, mellom anna med betydeleg forbetra økonomi hos staten Noreg, og andre behov for infrastrukturutbygging enn tidlegare, kan gje grunn til å nyansere tidlegare etablerte rettsoppfatningar om grunneigarar si rettsstilling ved ulike former for råderettsbandavgrensingar av fast eigedom i forkant av gjennomføring av infrastrukturprosjekt.

Sentrale rettslege problemstillingar for prosjektet, er:

  • I kva utstrekning grunneigarar sin råderett over fast eigedom kan avgrensast på ulike stadium i planlegginga av ny infrastruktur
  • Kva rettslege verkemiddel grunneigarar har for å få kome seg ut av ein situasjon med betydeleg innskrenking av råderett over eigen fast eigedom som ledd i infrastrukturprosjekt
  • Om, og eventuelt i kva utstrekning, grunneigarar har krav på erstatning for økonomisk tap i perioden grunneigarar sin råderett er innskrenka som ledd i infrastrukturprosjekt

Mål

Avhandlinga er forventa ferdig i 2024.

Finansiering

Prosjektet er knytt til forskingsprosjektet «Planlegging, konsesjon og ekspropriasjon      - rettslege problem og løysingar.»

Prosjektet er 50 % finansiert av Universitetet i Oslo og 50 % eksternfinansiert av Statens vegvesen, Bane NOR, Nye Veier AS, NVE og Statnett SF.

Publisert 5. okt. 2021 13:40 - Sist endra 9. jan. 2023 12:14