Om prosjektet
Dei siste to tiåra har sentralbankar fått ei større rolle i samband med handtering av økonomiske kriser. Denne tendensen har ein særleg sett i etterkant av utbrottet av den globale finanskrisa i 2007 og igjen i samband med covid-19- pandemien.
I samband med dei nemnde krisen har for eksempel sentralbankar i ein rekkje jurisdiksjonar brukt historisk høge summar på å kjøpe verdipapir i marknaden. Formålet er å legge ut eit omfattande offentleg tryggingsnett under det finansielle systemet. Denne auka i kjøp av verdipapir kan ha fordelingsmessige konsekvensar, noko som inneber at sentralbanken beveger seg frå rein pengepolitikk og over mot finanspolitikk, som normalt er eit kompetanseområde underlagt folkevalde organ (stortinget).
Denne utviklinga kjem med eit paradoks. På den eine sida ser vi at sentralbankar har utvida kompetanseområde sitt og ein kan stille spørsmål om institusjonen ikkje har gått utover mandatet som dei folkevalde i utgangspunktet har gitt dei. På den ande sida ser vi at det auka engasjement i finansmarknaden også kan skape nye restriksjonar for sentralbankane. I finansmarknaden er det nemleg ein risiko for at sentralbanken blir bunden av privatrettslege reguleringar som hemmar institusjonane si evne til å oppfylle sitt mandat om å sikre økonomisk stabilitet.
Dette forskingsprosjektet vil undersøke dette paradokset gjennom å analysere korleis nasjonal og internasjonal rett både legg til rette for og avgrensar sentralbankane si utvida rolle i krisetider.
Prosjektet byggjar vidare på ekspertisen frå deltakarane i forskningsprosjektet: Internasjonal finansmarkedsregulering, institusjoner og effektivitet.
Prosjektet starta i juni 2021 og vil vare fram til juni 2026.
Finansiering
Prosjektet er finansiert av Finansmarkedsfondet (administrert gjennom Norges forskningsråd). Finansmarkedsfondet finansierer forskning og allmennopplysning som gir betre kunnskap om korleis finansmarknaden fungerer og bidreg til auka etisk medvit. Mer om prosjektet på Forskningsrådets nettsider.