English version of this page

Security in Internet Governance and Networks: Analysing the Law (SIGNAL) (avslutta)

SIGNAL-prosjektet undersøkjer endringar i rettslege rammer for nettsikkerheit ved å fokusere på etablerte, nye og foreslåtte sikkerheitskrav retta mot kritisk internettinfrastruktur og skytenester.

Om prosjektet

Prosjektet har følgjande hovudproblemstillingar:

  1. Er gjeldande regelverk tilstrekkeleg robust til å møte forventa utvikling av internett?
  2. I kva grad er internasjonale organisasjonar i ferd med å få auka innverknad på styringa av kritisk internettinfrastruktur?
  3. I kva grad fører sikkerheitskrav til ein fragmentering av internett? («splinternet»-problemet)

Prosjektet starta 1. januar 2016 og vil gå over fem år. I tillegg til forskning vil prosjektet arrangere tre seminar (2017, 2018 og 2019) og ein avsluttande konferanse i november 2021.

Arbeidsspråket vil vere engelsk. For meir informasjon viser vi til våre engelske nettsider.

Finansiering

SIGNAL-prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd og UNINETT Norid AS. 

Publisert 17. mars 2016 15:20 - Sist endra 27. juni 2023 14:33

Kontakt

Prosjektleiar

Lee A. Bygrave

Administrasjon

Karianne Stang

Deltakarar

  • Lee Andrew Bygrave Universitetet i Oslo
  • Tobias Mahler Universitetet i Oslo
  • Worku Gedefa Urgessa Universitetet i Oslo
  • Luca Tosoni Universitetet i Oslo
  • Peter Alexander Earls Davis Universitetet i Oslo
  • Chengalvarayan Subbaiyan Balakrishnan Universitetet i Oslo
  • Rekha Dwivedi Universitetet i Oslo
  • Karianne Stang Universitetet i Oslo
Detaljert oversikt over deltakarar