English version of this page

Sårbarheit i eit robotsamfunn (VIROS)

Robotar blir stadig meir «smarte», ved hjelp av kunstig intelligens.

Smarte robotar kan vere nyttige om dei utfører viktige oppgåver, men utviklinga og bruken av dei reiser også juridiske og tekniske spørsmål.

Korleis kan vi sikre at smarte robotar er sikre og at bruken av dei ikkje krenkjer personvernet? Desse spørsmåla oppstår spesielt når robotar blir brukte i helsesektoren, der dei samhandlar med sårbare menneske.

Om prosjektet

VIROS-prosjektet undersøkjer utfordringane og løysingane for regulering av robotteknologi og AI-teknologi – både med omsyn på juss og teknologi. Fokuset i prosjektet på juss, etikk og robotteknologi er tverrfagleg.

Forskinga blir utført av eit team som består av forskarar frå forskargruppa «Robotikk og intelligente systemer» (ROBIN) ved Institutt for informatikk, Universitetet i Oslo (UiO), saman med forskarar ved Senter for rettsinformatikk og andre delar av Det juridiske fakultet, UiO.

Arbeidsspråket vil vere engelsk. For meir informasjon viser vi til dei engelske nettsidene våre.

Finansiering

VIROS-prosjektet har finansiering frå Norges Forskningsråd.

Samarbeid

Prosjektet samarbeider også med internasjonale ekspertar og representantar for offentleg sektor og industri.

 

Publisert 19. mars 2019 09:47 - Sist endra 30. aug. 2023 15:17

Kontakt

Prosjektleiar

Professor Lee Andrew Bygrave

Juridisk forskningsleiar

Professor Tobias Mahler

Teknisk forskningsleiar

Professor Jim Tørresen

Administrasjon

Rådgiver Karianne Stang

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar