Informasjon om seminarlokalet Kjerka og loungen Viggo Hagstrøm sal

"Kjerka" er eit seminar-/konferanselokale og Viggo Hagstrøm sal er ein tilhøyrande lounge. Lokala ligg i 2. etasje i Domus Media Vest, Karl Johans gt. 47.

Her følgjer informasjon om bruk og utlån av lokala:

Foto av seminarrom med vindu, bokskap og stoler og bord.

Seminarlokalet Kjerka. Foto: UiO.

Om lokala

Kjerka har plass til inntil 50 personar. Rommet har stolar, møtebord og AV-utstyr. Ved lån av Kjerka disponerer ein samstundes Viggo Hagstrøm sal som er ein tilhøyrande lounge. Romma ligg inne i lokala til Institutt for privatrett, og ved bruk av loungen vil det vere gjennomgang av tilsette frå instituttet. Kjerka og Viggo Hagstrøm sal kan ikkje nyttast samstundes til ulike arrangement sidan inngang til Kjerka er via loungen.

Kven kan nytte lokala

Loungen Viggo Hagstrøms sal
Loungen Viggo Hagstrøm sal. Foto: UiO.

Lokala vert lånt ut til einingane ved Det juridiske fakultetet og til universitetsleiinga.

Kva kan lokala nyttast til

Lokala skal berre nyttast til faglege arrangement og lånast ikkje ut til festar. Unnteke frå dette er doktormiddagar* for stipendiatar ved Det juridiske fakultetet.

Gjestar skal berre opphalde seg i Kjerka og Viggo Hagstrøm sal, ikkje i tilstøytande tilsettlokale.

Tilkomst

Tilkomst skjer via inngangen som er frå vestsida mot Domus Bibliotheca/Frederiks gate, ved Aulakjellaren. Ta heis eller trapp opp til 2. etasje. Inngang via Aulatrappa er ikkje tillat. Det er eigen gang inn til Kjerka frå trappa, og det må bestillast opa dør under arrangement med eksterne gjestar. Ta kontakt med vaktalarm@admin.uio.no om dette.

Link gjerne i invitasjonen til kart i Google-maps som viser tilkomst til Kjerka.

Førebuing av lokala/rydding/orden

Stoloppsett - Kjerka
Bord og stolar i Kjerka - Normaloppsett. Foto: UiO.

Det er ingen assistanse i samband med arrangement. Arrangør må derfor sjølv sørge for å førebu lokala (t. d. ynska bordoppsett), og rydde. Lokala må ryddast med ein gong etter slutten av arrangementet (òg kveldsarrangement) for å vere klart til bruk seinare/neste morgon. Bord og stolar skal ved endringar settast tilbake til normaloppsett (sjå bilete), søppel skal kastast og eventuelle tomflasker må takast med. (Det finst container for glasflasker på baksida av bygget.)

All form for levande lys i og utanfor lokala er forbode.

IT støtte

Teknisk hjelp/tilrettelegging før gjennomføring av arrangementet - ta kontakt med din lokale IT-ansvarlege.

Ved tekniske problem som oppstår i løpet av arrangementet, ta kontakt med lokal it (it-jus@jus.uio.no).

Servering

Det er ikkje tilgang til kjøkken i tilknyting til lokala, så arrangør må enten bestille catering eller sjølv ta med ferdiglaga mat. Ved bruk av cateringsselskap må arrangør sjølv sørge for å vere til stades og ta imot varene ved levering, og avtale med selskapet om henting av tomme fat og emballasje dagen etter. Dette blir plassert i trappegangen ved heisa. Det er ikkje servise, bestikk eller glas i lokala.

Lokala har ikkje skjenkjeløyve. Tilsette kan ha lukka arrangement med alkoholservering etter kl 15.00, jf Retningslinjer for bevertning og representasjon ved UiO.

MERK!  Det er ikkje tillate å sette mat/drikke på benken under portrettet av Viggo Hagstrøm.

Tryggleik

Ved kveldsarrangement må arrangør sørge for å oppnemne to brannansvarlege personar som ikkje nyt alkohol. Ved arrangement som varer utover kl 22.30 må det leigast inn vakt frå UiOs vaktsentral. Minimum avtale er 3 timar. Send e-post til vaktalarm@admin.uio.no for bestilling.

Toalett

Det er eitt toalett (handicap) tilgjengeleg ved inngangen til lokalet. I tillegg finst det fleire toalett på inngangsplan ved Aulakjellaren.

Kontaktpersonar for reservasjon

Ørnulf Kristiansen: ornulf.kristiansen@jus.uio.no

Kristin Koren Viksjø: k.k.viksjo@jus.uio.no

 

* Sjå informasjon om servering: Berre mogleg med catering.

 

Publisert 27. apr. 2017 12:07 - Sist endret 4. jan. 2024 14:20