Etterlyser tettare samarbeid rundt “gatas folk”

Ein ny rapport viser at det er stort behov for gatejuristar som spesialiserer seg på rettshjelp for rusavhengige på gata. Samtidig dekker tilbodet berre ein liten del av dei samansette problema som pregar livet til desse menneska.

Tilbodet frå Gatejuristen i Oslo dekker berre ein liten del av dei samansette problema som pregar livet til "gatas folk".

Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

I si doktorgradsavhandling “Irriterende til stede. Om gatejuristar i Oslo og København” har Camilla Lied evaluert gatejuristordningane i Noreg og Danmark sine hovudstadar. Det er fyrste gong eit slikt forskingsarbeid blir gjort på denne typen rettshjelparbeid, fortel forskaren. Evalueringa bygger på feltarbeid, studier av dokument og intervju med brukarane, juristane, dei frivillige og andre relevante aktørar, mellom anna Juss-Buss og Rusmiddeletaten i Oslo.

Breispektra hjelp

- Etter mitt syn vil ei større grad av samlokalisering og samarbeid mellom hjelpetiltak, som saman kan gje breispektra hjelp over ein lav terskel, være av det gode. Om ein ikkje allereie kan gje eit slikt tilbod innanfor gatejurist-tilbodet, bør dialogen mellom hjelpetiltaka være nær, og det bør være lett for brukarane å kome seg frå eit hjelpetiltak til eit anna, oppsummerar Lied.

Brukarane i fokus

Brukarperspektivet har vore sentralt i forskinga hennar. For å få fram ei fyldig skildring av korleis målgruppa opplever gatejurist- tilbodet, har Lied mellom anna intervjua ti av Gatejuristen i Oslo sine klientar og  86 personar i målgruppa.

- Brukarane av Gatejuristen må etter mitt syn ha eit sentralt fokus når ein skal studera gatejussen sine eigenskapar og mogelegheiter. Å studere korleis rettshjelparane sjølve ser på sitt arbeid, får liten interesseverdi om vi ikkje får med perspektivet til dei som mottar rettshjelp.

Eit mørkt hjørne

Gatejuristar arbeider i eit “mørkt hjørne”, der store og samansette problem er overrepresentert, fortel Lied. Målgruppa for gatejuristane er gjerne dei som fell mellom alle stolar, og som har eit stort behov for langvarig og tolmodig bistand med god takhøgde og lav terskel. I fylgje Lied meir enn antydar forskningsmaterialet hennar at menneska i målgruppa truleg ikkje ville fått rettshjelp nokon annan stad, om det ikkje var for gatejurist-tiltaket.

Bustad, gjeld og helse

Dei fleste av sakene til Gatejuristen i Oslo kjem inn under helse- og sosialområdet. Sakene er gjerne knytta til bustad, gjeld og helse.
- Sakene er gjerne ikkje så kompliserte, men dei har gjerne stor velferdsmessig betyding for den enkelte klient, fortel ho.

Lampespørsmålet

I avhandlinga diskuterer Lied om Gatejuristen i Oslo i større grad bør innlemma nødvendig praktisk hjelp i arbeidet dei gjer for gatas folk. Eit eksempel er ein situasjon der klienten sit i mørke i leiligheita som Gatejuristen har hjelpt han med å få. Kanskje fordi han ikkje veit korleis lampen han har fått pengar til eller hjelp til å kjøpa skal monterast. Gadejuristen i København yt slik hjelp, mens gatejuristane i Oslo gjerne heller viser klientane til ein annan instans.

- Intervjua med brukarane og hjelpeapparatet syner at gatejuristtiltaka bør ha ein terskel i sitt arbeid som er så lav at nærleiken til brukarane blir stor. Dette inneber også at ein går litt lenger i arbeidet enn å berre fokusera på det juridiske. Det kan innebære å hjelpe til med  å henge opp lampen, fortel Lied.

Dei gode historiene

Camilla Lied

Camilla Lied disputerer ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Det juridiske fakultet, UiO.

Lieds materiale dokumenterer at ein gatejurist kan gjere ein forskjell, av og til berre ved å være til stades. I intervjusamtalar med Gatejuristen der Lied spurde om kva som hadde skjedd når Gatejuristen hadde lukkast, viser det seg at solskinhistoriene kjem når Gatejuristen har vore fleksible, “gått litt lenger” og har klart å ta tak i fleire problemstillingar på same tid.

Rettshjelpsbegrepet på strekk

- Dette er også eit ressursspørsmål. Det kan sjå ut til at gatejuristtiltak med begrensa ressursar bør ha hovedtyngda at innsatsen sin på rettshjelparbeidet. Men samtidig er det naudsynt å legge rettshjelpbegrepet på strekk for at det skal fungere for gatas folk. Alternative ressursnettverk, sosialarbeidarrollene, psykologtilbodet og mødregruppetiltak som Gadejuristen i København innlemmer i sitt hjelpetilbod, ser ut til å ha stor betyding for velferda til dei rusavhengige som lever på gata. Å få slike tilbod lokalisert til ein stad kan være positivt for brukarane.
- Det treng ikkje være fysisk samlokalisering, men det er viktig å sikre ein nær dialog mellom tiltaka så ikkje klientane forsvinn på vegen mellom tiltaka.

Maktesløyse

Eit viktig spørsmål i avhandlinga er korleis gatejuristar kan fungera som mellommenn og kulturtolkar mellom “gatas folk” og offentleg forvalting.
- Det å være eit talerøyr for tungt rusavhengige og arbeide for deira rettstryggleik er ei utfordring som krev stor arbeidsinnsats, kunnskap, optimisme og samarbeid mellom mange instansar. Gatejuristane fortel ofte at dei kjenner seg makteslause i forhold til det offentlege, og at det er vanskeleg å få i gang endringar i forhold til situasjonen generelt for målgruppa. Menneske i botnsjiktet i samfunnet manglar goder, og dette er vanskeleg for retten å avhjelpa, slik gjeldande rett framstår i dag, fortel forskaren.

Frustrasjonen

- Eg hadde før ein ganske stor tillit til det offentlege hjelpeapparatet. Det har eg fortsatt, men synet mitt har nok blitt meir nyansert etter samtalane eg har hatt med Gatejuristens klientar og andre i målgruppa, fortel Lied.

Ho viser til klienten “Jorunn” si oppleving av møtet med det offentlege og hjelpeapparatet som eit overgrep, som “Jorunn” kallar voldtekt av liv.  
Liknande kritikkar av hjelpeapparatet kjem hyppig til syne i Lieds materiale.

Oppturar

“Mina” er ein av dei frivillige i Gatejuristen i Oslo som Lied har valgt å sitera i rapporten. Ho oppsummerer enkelt eit daglegdags hjelpetiltak som kan bety mykje for klienten, og som bidreg til at klienten ikkje berre har rett, med også får rett i møtet med “systemet”:

“ Rett før jul var det ei ung jente på 19, heroinist, bodde ute, lyst på kommunal bustad men fikk ikke fordi hun hadde en hund. Så (…)  tok jeg et par telefoner og snakka litt med sosialkurator her og der. Og så fiksa vi det da… og så fikk hun bolig, rett før kulda virkelig satte inn.”

Saken er også publisert på Forskning.no

Av Jorunn Kanestrøm Westbye
Publisert 25. feb. 2011 10:13 - Sist endret 23. juli 2018 11:52