English version of this page

Reguleringa av droneautonomi: Implikasjonar for det europeiske sivile luftrommet

Dette prosjektet studerer regulatoriske implikasjonar av autonome dronar for tryggleik i europeisk luftrom.

Drone på raud kveldshimmel med skyskraparar i bakgrunnen.

Silhuett av ein drone som svevar nær byen. Foto: Goh Rhy Yan på Unsplash.

Om prosjektet

Dronar blir sakte integrerte i sivilt luftrom for varierte kommersielle og private føremål. Denne integrasjonen inneber likevel potensielle tryggleikstrugsmål for samfunnet i form av bakke- og luftromshendingar som kollisjon, nestenulykker og droneobservasjonar nær flyplassar. Samstundes blir desse sivile dronane gjort meir autonome, noko som potensielt aukar tryggleiksimplikasjonane knytte til bruken av dei.

Dette prosjektet studerer slike implikasjonar av droneautonomi og tilhøyrande regulatoriske utfordringar, medan det primært fokuserer på rammeverket regulert av European Union Aviation Safety Agency (EASA).

Prosjektet er ein del av forskingsprosjektet "RegulAIR: The integration of drones in the Norwegian and European Airspaces" som blir drive av Institutt for fredsforskning (PRIO).

Prosjektperiode

Prosjektet går frå 2021 til 2024.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd (NFR).

Publisert 12. sep. 2022 22:40 - Sist endra 23. nov. 2023 10:02