English version of this page

Rusbehandling i fengselskontekst

Prosjektet undersøkjer implementering og integrering av tiltak retta mot personar med ruslidingar i fengsel, og korleis behandling for ruslidingar går føre seg i fengselskonteksten. Prosjektet er ein del av forskingsprosjektet "PriSUD".

Win gong inne i eit fengsel med dører til fengselsceller på kvar side. ein innsett og ein fangevaktar går nedover gongen.

Foto: Christian Wangberg/Studio Wangberg.

Om prosjektet

Den globale sjukdomsbyrda knytt til rusavhengnad veg tyngst blant dei mest utsette gruppene i samfunnet, inkludert personar som sonar i, eller er vortne lauslatne frå fengsel. Omtrent halvparten av alle innsette har ei rusliding når dei kjem til fengsel, og risikoen for overdose og tilbakefall etter lauslating er svært høg. Denne gruppa kjem også dårlegare ut når det gjeld diverse helse- og levekårsproblem. Likevel er ein på unikt vis «tilgjengeleg» for ulike behandlingstiltak innanfor fengselsrammer. Korleis desse tiltaka fungerer i praksis, mekanismar og prosessar knytte til rusbehandling i fengsel, og kva rolle rustiltak i fengsel speler for lauslating, livet etter soning og recovery (tilfrisking) blir undersøkt i dette prosjektet.

Studien er kvalitativ og er ein del av forskingsprosjektet PriSUD, søsterprosjektet til PrisonHEALTH.

Resultat

Målet er å bidra til utvikling av ny kunnskap som vil føre til auka livskvalitet og betre psykisk og fysisk helse blant individ i fengsel både før, under og etter soning.

Prosjektperiode

Prosjektet går i fire år med oppstart i 2020.

Finansiering

Prosjektet har finansiering frå Noregs forskingsråd.

Bildet kan inneholde: person, hår, ansikt, klær, skjønnhet.
Rose Elisabeth Boyle. Foto: Privat.
Publisert 22. sep. 2020 15:05 - Sist endra 23. nov. 2023 10:05