English version of this page

Incels, ufrivillig sølibat og internettradikalisering

Prosjektet studerer verdsbiletet, narrativa og radikalisering av incels på internett.

Beina til ein person ståande og venta på ein perrong.

Incels slit ikkje berre med sex og romantiske forhold, men også kjensler om einsemd, utanforskap, ikkje å strekkje til og stigma. Foto: "Waiting for the train" Matthias Ripp (CC BY 2.0).

Om prosjektet

Individ som identifiserer seg som incels, eller ufrivillig sølibat, har i dei siste åra gjennomført fleire valdelege angrep med eit høgt tal døde. Incels tek del i eit subkulturelt nettsamfunn beståande av menn (og kvinner) som meiner at den noverande situasjonen deira, ein ufrivillig mangel på seksuell og romantisk suksess, kjem av ulike individuelle faktorar som utsjånad og mental helse, eller meir strukturelle faktorar som feminisme og ein ubalansert datingmarknad. Kort fortalt meiner incels at dei er dømde til å leve eit liv i sølibat på grunn av den deterministiske og hierarkiske inndelinga i samfunnet basert på kjønn og attraktivitet. 

Samtidig blir incels ofte eindimensjonalt framstilte som ei monolittisk gruppe av sinte menn som promoterer kvinnefiendtleg og ekstremistisk ideologi. Føremålet med prosjektet er å bidra til ei kunnskapsbasert nyansering og menneskeleggjering av nettsamfunnet ved å sjå nærare på incels sine eigne forteljingar om kvardagsliv, stigma, og livshistorier.

Metode

Prosjektet utforskar incels både online og offline gjennom kvalitative forskingsmetodar som netnografi for å analysere incel-forum, og intervjudata for å undersøkje incels sine eigne erfaringar som ufrivillig sølibat.

Mål

Prosjektet forsøker betre å forstå individ som identifiserer seg som incel, eller ufrivillig sølibat, ved å utforske narrativ, trendar og stilistiske uttrykk innan incel-miljøet, og forhandlingar av maskulinitet og stigma. I tillegg undersøkjer ein sosiale og kulturelle trekk ved ein potensiell radikaliseringsprosess av individ innan incel-miljøet.

Prosjektperiode

Prosjektet går i fire år frå 2020 til 2024.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Universitetet i Oslo.

Bildet kan inneholde: briller, synsomsorg, erme, kjole skjorte, briller.
Jan C. Andersen. Foto: UiO.
Publisert 7. aug. 2020 11:35 - Sist endra 23. nov. 2023 09:42