English version of this page

Militæret si forståing av vald mot sivile i internasjonale operasjonar

Prosjektet undersøkjer korleis internasjonale soldatar tolkar og klassifiserer vald mot sivile i væpna konflikt samt rettferdiggjer kva tid det er rett å gripe inn.

Murmaleri i svart, kvitt og grått som viser menneske og kyr. Føre ser ein ein kortklippet hekk og eit fortau.

Murbilete «Guernica», eit av dei mest kjende verka til Picasso, er av mange rekna å vere det viktigaste antikrigsmåleriet i historia. Foto: Barbara Boensch / imageBROKER / NTB.

Om prosjektet

Vald mot sivile er vanleg i krig. Soldatar i internasjonale operasjonar (ofte oppretta på humanitært grunnlag) er forventa å opptre som vernande skjold mellom valdsaktørar og menneska som blir skadde. Likevel veit ein at internasjonale soldatar som blir sende til konfliktar i andre land sjeldan brukar makt for å stoppe den valden dei observerer. Sjølv når dei er autoriserte til å gripe inn og verne sivile betyr ikkje det at dei nødvendigvis stoppar valden.  

Operasjonelle realitetar tvingar internasjonale soldatar til å prioritere blant fleirfaldig vald som har ulike risikoar for liv og helse. Samstundes må dei vurdere ulike operasjonelle, juridiske og etiske omsyn. Å vurdere valdshandlingar og avgjere kva tid det er riktig å gripe inn med makt blir ofte eit spørsmål om skjøn.

Mål

Føremålet med forskingsprosjektet er å klårgjere korleis soldatar handterer vald mot sivile som blir gjort av andre valdsaktørar i væpna konfliktar. Dette blir gjort gjennom å utforske korleis militæroffiserar forstår og tolkar den valden dei har møtt, kvar dei meiner at grensene går mellom bruk av sivil og militær makt, og korleis dei rettferdiggjer intervensjonsvala sine.

Metode

Prosjektet er kvalitativt og baserer seg på intervjudata med norske offiserar som har tenestegjort i internasjonale operasjonar.

Prosjektperiode

Prosjektet går over fire år (fem inkl. foreldrepermisjon) frå 2019 til 2024.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Forsvarets Høgskole og Forsvarsdepartementet.

Bildet kan inneholde: klær, smil, ledd, yttertøy, væpne.
Sine Vorland Holen. Foto: UiO/Ystehede.
Publisert 20. aug. 2019 13:34 - Sist endra 28. juni 2023 09:59

Kontakt

Sine Vorland Holen

Holen er ekstern ph.d.-kandidat ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi (IKRS) og held til ved Forsvarets Høgskole.