English version of this page

Vegar ut av radikalisering

Prosjektet undersøkjer exit- og reintegreringsprosesser til radikaliserte individ og korleis velferdsinstitusjonar kan fremja slike prosessar.

Øvre del av inngangspartiet til Oslo rådhus. Tårna og vindauge inn til kontor er synleg på kvar side.

Foto: Sjur Stølen/Aktiv Oslo. CC BY-NC-ND 2.0

Om prosjektet

Å forlata ekstremisme og reintegrere til eit samfunn basert på liberale demokratiske prinsipp er komplekse prosessar. Strategien til dei skandinaviske regjeringane for å støtta individ i denne prosessen er å tilby velferdstenester. Samtidig er det avgrensa kunnskap om korleis målgruppa opplever desse tenestene og korleis og kvifor intervensjonar har noka betydning.

I dette prosjektet ønskjer eg å utforska betydninga av dei sosiale, helsemessige og økonomiske tenestene som er tilbodne for å fremja exit og reintegreringsprosesser. Eg vil undersøkja tenestene som blir gitt og kva erfaring dei involverte har med tenestene. Dette gjeld dei som tilbyr velferdstenester, mottakarane av tenestene, familiane deira og venner.

Målet er å auka forståinga for exit- og reintegreringsprosesser og korleis velferdsinstitusjonar kan fremja desse prosessane.

Metode

I prosjektet skal eg intervjua sentrale aktørar innan velferdstenestene som gir velferdstenester til radikaliserte individ. Eg vil òg intervjua dei som har fått tenestene og familiane deira og venner om erfaringane med tenestene.

Mål

Hovedmålet er å auka forståinga for exit- og reintegreringsprosesser og styrkja kunnskapen om korleis velferdsinstitusjonar kan fremja desse prosessane.

Prosjektet vil frambringe sjeldne empiriske data om dei biografiske historiene til radikaliserte individ, om individas exit- og reintegreringsprosesser og betydninga av støtta dei har fått frå velferdstenestene.

Prosjektperiode

Prosjektet varer i fire år frå 2023 til 2027.

Finansiering

Doktorgradsprosjektet er ein del av forskingsprosjektet "Exit og effektiv reintegrering av valdeleg ekstremist i Skandinavia". Prosjektet blir leidd av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og består av ei gruppe på fem forskarar i Skandinavia.

Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektnummer 336618.

Publisert 24. jan. 2024 12:07 - Sist endra 3. juli 2024 16:33