Fyllesex på godt og vondt? Grensedragingar mellom samtykke og ikkje-samtykke i fylla

Prosjektet utforskar dilemmaa som kan oppstå som eit resultat av fyllesex, og korleis forventingar knytte til kjønn, sex og alkohol kan påverke korleis hendingar og erfaringar blir oppfatta og omtalte i etterkant.

Uklare objekt og lys i ulike lilla tonar.

"Purple Rain". Foto: Matthias Ripp (CC BY 2.0)

Om prosjektet

I debattar om valdtekt, og særleg dei som handlar om valdtektslovgjeving, blir samtykke ofte trekt fram som det som skil valdtekt og sex. Dette er på nokre måtar ei forenkling. Samtykke er ikkje nødvendigvis noko som er objektivt eller statisk, men heller noko som er subjektivt og foranderleg. Dette er fordi samtykke avheng av korleis dei involverte partane oppfattar situasjonen før, undervegs og kanskje i etterkant av hendinga. Samtykke og manglande samtykke kan fluktuere, og dette kan forklare kvifor sex utan samtykke i nokre tilfelle blir opplevd og definert som valdtekt, men i andre tilfelle ikkje. Dette gjeld særleg for seksuelle handlingar i rusa tilstand. Ifølgje norsk straffelov må fornærma vere i stand til å samtykke for at samtykke skal kunne liggje føre. Den tiltala skal haldast ansvarleg for handlingane sine, men fornærma skal (ideelt sett) ikkje det. I situasjonar der ein av partane, eller begge, var overstadig rusa kan det vere vanskeleg å definere kven som er offer og kven som er gjerningsperson, og korleis dei involverte opplevde hendinga.

Mål

Prosjektet utforskar dilemmaa som kan oppstå som eit resultat av fyllesex, og korleis forventningar knytte til kjønn, sex og alkohol kan påverke korleis seksuell kontakt blir oppfatta og omtalt i etterkant. Ved å sjå på grensene mellom seksuell nyting og skrekk, og situasjonane som leiar opp til desse hendingane, kan prosjektet utforske ulike typar seksuelle hendingar som har oppstått i fylla, frå «berre sex» til «dårleg sex» og valdtekt. Målet blir då å utforske og forklare eit gjentakande problem i forsking og teoretisering knytt til seksuell vald: Korleis kan same setting og same handlingar oppfattast vidt ulikt av ulike menneske? Og korleis spelar kjønn inn i dette?

Prosjektperiode

Prosjektet går over fire år frå 2019 til 2023.

Finansiering

Doktorgradsstipendiat, Senter for tverrfagleg kjønnsforsking.

Hovudsidene til prosjektet høyrer til Senter for tverrfagleg kjønnsforsking

Publisert 1. juni 2022 13:36 - Sist endra 28. juni 2023 10:02

Kontakt

Maria Hansen

Hansen er ekstern ph.d.-kandidat ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi (IKRS) og held til ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking.