Om prosjektet
Personar dømde for seksuallovbrot utgjer ein stadig større del av fengselspopulasjonen i Noreg. Årsakene kan vere mange, men kan i alle fall til dels tilskrivast skjerpa straffar for denne typen lovbrot. Sjølv om dei offisielle tilbakefallstala er låge og dei færraste blir dømde for seksuallovbrot på nytt etter enda straffegjennomføring, er konsekvensane svært alvorlege dersom dei utfører nye overgrep. Dei siste åra har vi derfor sett auka fokus på rehabilitering og behandling for denne gruppa under straffegjennomføring, og god tilbakeføring til samfunnet ved lauslating, for å forhindre nettopp tilbakefall.
Det meste av forskinga som ligg føre på tilbakefall til nye seksuallovbrot, er av kvantitativ art. Mykje av forskinga dreier seg om å anslå risiko for tilbakefall, og kva former for intervensjonar som gjev best føresetnader for å senke tilbakefallsrisikoen. Den kvalitative forskinga er mangelfull, spesielt når det gjeld den subjektive forståinga av tilbakefall og årsakene som ligg bak.
Prosjektet «Understanding Recidivism: Narratives of Individuals Re-Imprisoned for Sexual Offenses» vil derfor kvalitativt undersøkje tilbakefallsprosessen ved å intervjue personar som sjølv har gått gjennom han. Spørsmål som blir stilte, er blant anna:
- Korleis forstår dei sine gjentekne overgrepsdommar?
- Korleis forklarer dei det som skjedde?
- Kva faktorar vurderer dei sjølve som relevante for å forstå tilbakefall til nye seksuallovbrot?
Mål
Det overordna målet er å bidra til ny kunnskap om tilbakefallsprosessen hos personar dømde for seksuallovbrot. Prosjektet utforskar den særskilte innsikta desse personane har i kva som gjekk føre seg i tida før tilbakefallet, kva mekanismar dei trur bidrog til at dei igjen utførte seksuallovbrot, og kva som, frå deira perspektiv, kunne vore gjort annleis for å unngå det. Denne kunnskapen vil kunne kome både kriminalomsorg, helsevesen, styresmakter og samfunnet elles til gode, fordi han vil vere sentral i utviklinga av ulike førebyggjande tiltak som kan hindre tilbakefall.
Metode
Prosjektet er ein kvalitativ studie som baserer seg på semi-strukturerte intervju med personar som har tilbakefallserfaring. Informantar med ordinær dom eller forvaringsdom blir rekrutterte via dei tilsette i kriminalomsorga i aktuelle fengsel over heile landet, medrekna fengsel med høgt tryggleiksnivå, lågt tryggleiksnivå og overgangsbustader. Intervjua blir tekne opp med digital lydopptakar.
Intervjua har ei brei tilnærming for å undersøkje informantane si livshistorie, fengselserfaringar og behandlings- og oppfølgingserfaringar. Intervjuguiden inkluderer spørsmål frå Dan P. McAdams’ livshistorieintervju, og konkrete spørsmål om kriminalitetshistorikk. I tillegg undersøkjer Sandbukt korleis informantane ved førre fengselsopphald førestilte seg livet etter lauslating, kva dei tenkte om framtida og sjansen for å avstå frå kriminalitet, korleis livet viste seg å bli etter lauslating og kva utfordringar dei eventuelt møtte på.
Prosjektperiode
Prosjektet går over fire år med oppstart 1. januar 2021.
Finansiering
Prosjektet er finansiert av Regionalt kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri, Oslo universitetssykehus, Helse Sør-Aust (SIFER). Prosjektet er tilrådd av Personvernombodet ved Oslo universitetssykehus.