English version of this page

Av offer og gjerningsmenn: Barn fødd i krig i internasjonal strafferett

Prosjektet undersøkjer behovet for juridisk anerkjenning av tre generasjonar barn fødde i krigsherja område.

Familiebilete av barn skadde av brann og krig.

Øydelagde bilete i ein øydelagd heim til ein muslimsk familie i Shingal (Sinjar) etter krig med Den islamske staten. Foto: Levi Meir Clancy på Unsplash.

Om prosjektet

Barn fødde av krig møter ofte stigma, diskriminering og skurkeaktige forteljingar som framstiller dei som tryggingstrugsmål. Slike barn kan vere unnfanga både som følgje av konfliktrelatert seksuell vald, men også som resultat av frivillig samleie mellom ein som høyrer til ei væpna gruppe og ein medlem av sivilbefolkninga.

Dette prosjektet utforskar krigsbarn. Prosjektet ønskjer å undersøkje korleis ein forstår desse barna på tvers av historie og kultur. Det handlar om korleis desse barna blir forståtte som gjerningsmenn, tryggleikstrugsmål eller uskyldige offer, og korleis dei ser seg sjølv i samband med dette.

Medan internasjonale domstolar vurderer seksuelle valdsbrotsverk på ein stadig meir omfattande måte, er barn fødde av krig framleis sjeldan anerkjende i lov og politikk. Dette har vore tilfelle for barn fødde under og etter andre verdskrigen, og er det framleis i dag. Prosjektet ønskjer å vurdere dei juridiske og dei praktiske implikasjonane ved ei vedgåing av offerskap for denne gruppa.

Prosjektet er ein del av EuroWARCHILD-prosjektet som utforskar erfaringane og behova til tre generasjonar krigsbarn i Europa.

Mål

Prosjektet ønskjer å bidra med teoretisk og empirisk kunnskap om krigsbarn. I ei sosio-juridisk tilnærming tar prosjektet sikte på å gjennomføre den første generasjons- og tverrkontekstuelle studien om unnfanginga av barn fødde av krig på relevansen av overgangsrettferdstiltak som svar på deira erfaringar og behandling.

Utvalde publikasjoner

Prosjektperiode

Prosjektet går frå 2022 til 2025.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av European Research Council (ERC). Prosjektet held til ved Senter for kjønnsforsking og samarbeider med Institutt for fredsforsking (PRIO).

Publisert 13. feb. 2023 13:33 - Sist endra 11. juni 2024 10:15

Kontakt

Lina Stotz

Stotz er ekstern ph.d.-kandidat ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi (IKRS) og held til ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking.