Organisert eller økonomisk kriminalitet? (avslutta)

Betydinga av politiet si organisering og kompetanse.

Annette Vestby avbilda ved søylene til Domus Media

Annette Vestby. Foto: UiO/Rabe

Om prosjektet

Korleis ser kontrollapparatet sine institusjonelle konstruksjonar av organisert og økonomisk kriminalitet ut, og korleis spelar desse inn i val av saker og framgangsmåtar?

Lovbrot med element av både økonomisk og organisert kriminalitet har fått stadig større merksemd politisk, i media og i politiet. Bruk av legale firma som ledd i ei illegal verksemd blir sett på som eit trugsmål mot økonomien og mot arbeidstakarar i utsette bransjar.

Prosjektet brukar arbeidsmarknadskriminalitet som eksempel på eit kriminalitetsfenomen der element av både økonomisk og organisert kriminalitet er i spel, og der grensa mellom kategoriane ofte er uklår. Kva slags preg set problemforståingar til kontrolletatane på strategiane ein vel, og kva slags metodar ein tar i bruk? Korleis blir tilhøvet mellom kontrollmetodar som skjer før og etter at lovbrotet har skjedd utvikla, og kvifor?

Metode

Prosjektet er ein kvalitativ studie som byggjer på intervju med fagpersonar innan ulike etterforskings-, førebyggings-, og etterretningsmiljø i politiet i Noreg, samt deltakande observasjon og dokumentanalyse.

Resultat

Avhandlinga Practical criminologies: Sensemaking and proactive policing vart levert hausten 2022.

Prosjektperiode

Annette Vestby disputerte desember 2023.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd og Politihøgskolen.

Samarbeid

Prosjektet er del av NFR-prosjektet Politimetodar i endring som samarbeider med Linnéuniversitetet, BRÅ, Scottish Institute for Policing Research, og Universitetet i Oslo.

Publisert 3. okt. 2016 13:42 - Sist endra 27. mars 2024 10:59

Kontakt

Annette Vestby

Vestby er ekstern ph.d.-kandidat ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi (IKRS).