Professor og prosjektleiar for MIGMA - Transnasjonalisme ovanfrå og nedanfrå, May-Len Skilbrei, har skrive bloggposten "Manoeuvring in Tricky Waters: Challenges in Being a Useful and Critical Migration Scholar" for det anerkjende nettverket Border Criminologies sin blogg. Nettverket tilhøyrer Universitetet i Oxford.
Skilbrei deler tankane sine og røynsler basert på ein lang forskarkarriere innanfor blant anna regulering av mobilitet, kjønn og seksualitet, og ho har publisert ei rekkje bøker og artiklar innan temaa. No tek ho for seg korleis ho som kritisk migrasjonsforskar, har måtte manøvrera feltet, og kva for etiske og epistemologiske konsekvensar det har når forsking skal ha ein samfunnsmessig påverknad.
Les heile teksta på Border Criminologies sine sider.