Ny internasjonal rett – eit eige forskingsfelt?

Spørsmål som før kunne avgjerast ved bruk av nasjonal rett, krev no også bruk av europeisk og internasjonal rett. Tribunal og domstolar har ved fleire høve erstatta diplomati. Internasjonal rett er ikkje lenger berre relasjonar mellom statar og organisasjonar. 

Internasjonal rett er ikkje lenger berre relasjonar mellom statar og organisasjonar. Illustrasjonsfoto. Copyright: Colourbox.

WTO og  EU er døme på organisasjonar med uavhengige juridiske organ som på ulike måtar treff avgjerder med verknad for samfunn, forretningsaktørar og enkeltindivid. Dette gjeld til dømes avgjerder om forbod mot genmodifisert mat er lov, om statar kan drive verksemd med monopol på pengespel og om det  kan fastsetjast minsteløn for visse typar arbeid.

Ny bok

Tema for utgjevinga ”The New International Law - An Anthology”, er korleis internasjonal rett stadig får innpass på nye område – og på nye måtar. Den viser korleis investeringar, eigedomsrettar, menneskerettar, humanitær rett, strafferett, internasjonal sikkerheit og krig og ikkje minst miljø er sektorar som blir påverka av ny internasjonal rett.

Bruk for tverrfagleg samarbeid

Vidare viser boka at forsking på den nye internasjonale retten også tvingar fram nye rettsvitskaplege perspektiv. Den viser også ei trong for tverrfaglege analyser der retten blir analysert mellom anna i eit statsvitskapleg, antropologisk, historisk og filosofisk perspektiv.

Frivillege avtalar

Christoffer C. Eriksen hevdar at det har skjedd ei radikal endring dei seinare åra, ved at stadig fleire statar har underteikna fleire bi- og multilaterale avtalar som har eit meir presist innhald og som blir handheva meir effektivt enn tidlegare. Slik internasjonal rettsleggjering inneber at statane gjev frå seg suverenitet og samtidig er det også ein måte statane utøver suverenitet på. 

Uavhengig handheving

Oppfølging og handheving av reglane i avtalane er ofte administrert av meir eller mindre uavhengige rettsorgan. Tidlegare blei til dømes handelstvistar mellom land løyste gjennom diplomatiske kanalar, medan det i dag er fleire domstolar og tribunal som har kompetanse til å avseie dom i slike tvistar.

Konferanse førte til bok

Saman med Marius Emberland er Christoffer Conrad Eriksen redaktør for boka. Eriksen fortel at boka er basert på ein internasjonal forskarkonferanse dei arrangerte i Oslo for nokre år sidan. Konferansen samla eit hundretals forskarar frå heile verda og det blei presentert over 50 artikkelutkast om nye former for internasjonal rett. Framståande forskarar kommenterte og diskuterte utkasta. Fleire av utkasta blei artiklar som er publiserte i eit spesialnummer av Nordic Journal of International Law.

Unge forskarar

Eriksen fortel at konferansen samla ei rekkje unge forskarar frå internasjonalt anerkjende forskingsmiljø, mellom anna Harvard i USA, Oxford i England, Max Planck-instituttet i Tyskland og  European University Institute i Italia. Konferansen synleggjorde på ein god måte Institutt for offentleg rett og forskargruppa for Internasjonale relasjonar, som ein del av det internasjonale forskingsmiljøet innan nye former for internasjonal rett. Dette viser seg igjen i boka, der unge forskarar ved instituttet som Ingunn Ikdahl, Jo Stigen, Cecilia Bailliet og Christina Voigt har skrive kvart sitt kapittel.

Økonomi og internasjonal rett

Christoffer Eriksen gledar seg til å ta fatt på spennande problemstillingar i si nye stilling ved Institutt for offentleg rett. Foto: UiO, fotograf Terje Heiestad

I 2009 forsvarte Eriksen doktoravhandlinga si om korleis EU sine regler om den indre marknaden påverkar moglegheitene for å inkludere ulike interesser, organisasjonar, ekspertar, og brukarar når den nasjonale forvaltninga treff avgjerder basert på utøving av skjønn. Seinare har han som advokat i Wikborg Rein gjeve råd om gjeldande norske, europeiske og internasjonale reglar for økonomisk aktivitet og framferd på marknader. 

Gledar seg til akademiske problemstillingar

Som postdoktor ved Institutt for offentleg rett ser han no med glede fram til å ta tak i nye problemstillingar knytt til ulike former for rettsleg regulering av økonomi og marknader. I den nye stillinga vil han halde fram med å undersøke europeisk og ny internasjonal rett, med særleg fokus på konsekvensar for statleg regulering av økonomi og marknader.

Får konsekvensar for marknaden

Eriksen meiner dei mange nye internasjonale reglane kan ha konsekvensar for måten statar kan styre  økonomien og marknadane på. Dette kan skje på måtar som ikkje alltid er tilsikta av aktørane som skapar og tolkar reglane. Difor er det viktig med forsking på kva den nye internasjonale retten har å seie. Det er, framhevar Eriksen, særleg viktig i ei tid der finanskrisa har skapt behov for ytterlegare internasjonal regulering av økonomisk aktivitet.

 

 

 

Av Atle Kolbeinstveit
Publisert 5. jan. 2011 14:42 - Sist endret 9. apr. 2018 07:40