Instituttlunsj: Vit.ass. presenterer

Tora Elise Mårtensson Aune, vitskapeleg assistent ved IOR, presenterar si masteroppgåve om medverkingskravet i plan- og bygningslova § 5-1.

Temaet for masteroppgåva er medverkingskravet i plan- og bygningslova § 5-1. Medverking er løfta fram som eit overordna omsyn i både forarbeida og i føremålsbestemminga, og har sitt eige kapittel i lova. Samstundes er det ikkje klårt om, og i kva for ein grad, medverkingskravet inneber ein rettsleg forplikting. I oppgåva vil eg undersøkje kva medverking har å seie som verdi, som rettsleg krav, og kva rettsverknadene av brot på bestemminga kan vere.

Publisert 29. des. 2022 15:45 - Sist endret 10. mars 2023 11:09