Seminar: Grunnlova mellom tolking og endring

Seminaret Grunnlova mellom tolking og endring samlar viktige historiske og aktuelle perspektiv rundt norsk grunnlovstolking.

 

Den norske grunnlova er verdas nest eldste gjeldande grunnlov. Innhaldet i Grunnlova er likevel ikkje det same i dag som i 1814. I løpet av desse snart 200 åra har Grunnlova blitt endra som samfunnet elles. På nokre område har utviklinga ført til endringar i sjølve grunnlovsteksten. På andre område har innhaldet i Grunnlova blitt eller vorte forsøkt endra gjennom tolking. Slik har grunnlovstolkinga spelt ei viktig rolle for utviklinga av vårt politiske system, individuelle rettar og synet på Grunnlova i dag. Likevel er prinsippa for grunnlovstolkinga og rolla den spelar og har spelt i statsretten eit lite studert emne i Noreg.

Seminaret er ein del av prosjektet Nye perspektiver på Grunnloven i samband med grunnlovsjubileet i 2014.  

 

Påmelding pr. epost til prosjekkoordinatoren Eugenia Blücher - eugenia.bluecher@jus.uio.no innen onsdag 29. august.

Program

Dag 1 – mandag 3. september

09.00 Innleiing ved Eirik Holmøyvik

I. Grunnlovsreform i Norden og Noreg
09.30 Per Nilsén: Klår eller elastisk grunnlovstekst som ideal? Den svenske debatten om  grunnlovas funksjon fram mot grunnlovsreformen i 1974.

10.30 Fredrik Sejersted: Grunnloven mellom stabilitet og fleksibilitet. Terskelen for endring  i komparativt perspektiv.

11.30 Karl Harald Søvig: Fra forfatningsstat til velferdsstat.

12.30 Lunsj

II. Grunnlova i politikken
13.30 Eivind Smith: "Grunnloven er full av paragrafer som ikke lenger har noe reelt innhold."

14.30 Synne Sæther Mæhle: Om tolking av grunnlovstekst.

15.30 Lars Magnus Bergh: Sedvanerett uten sedvane?

16.30 Arnulf Tverberg: Den rettslege betydningen av Stortingets syn på  grunnlovsspørsmålet.

 

Dag 2 – tysdag 4. september

III. Grunnlova og samfunnsutviklinga
09.00 Eirik Holmøyvik: Frå revolusjon til restaurasjon: Grunnlovstolking i  maktfordelingsspørsmål 1814-1884. 

10.00 Ulrik Sverdrup-Thygeson jr.: Hva er grunnlovskonservatisme?

11.00 Benedikte Moltumyr Høgberg: Tolkning av Grunnloven §§ 97 og 105 i endring  med samfunnsutviklingen?

12.00 Lunsj

13.00 Gunnar Grendstad: Bare er et spill for galleriet? Dommervoteringer i 26  plenumssaker  med dissens.

IV. Grunnlova i ein internasjonal rettsleg røyndom
14.00 Anine Kierulf: Utenfra og innenfra: Om menneskerettigheter og grunnlovstolking.

15.00 Ingvill Helland: Ordlydens betydning for forfatningens rekkevidde—norske særtrekk i en internasjonal kontekst.

 

Publisert 19. jan. 2012 16:54 - Sist endret 28. apr. 2016 12:38