English version of this page

25 millionar til forsking på demokratisk tilbakegang i Europa

Det tverrfaglege forskingsprosjektet ENROL vil undersøkje kva for moglegheiter EU har til å hindra utholinga av rettstryggleiken mellom medlemsstatane.

To flaggstenger med det polske flagget og EU-flagget

Den demokratiske tilbakegangen i Polen har leia til spenningar med EU.

Foto: Colourbox

Forskingsrådet finansierer forskinga gjennom Fellesløftet, ei ordning som er ment å fremja tverrfagleg forsking. Prosjektet strekk seg over fem år, og vert kalla Enforcing the Rule of Law: What can the EU do to prevent rule of law deterioration from within?

- Prosjektet samlar ein gruppe beståande av juristar, filosofar og statsvitarar for å undersøkje spørsmålet om kvifor EU ikkje har makta å mobilisere ein kraftigare respons på brot mot nokre av dei mest grunnleggjande medlemsskapsprinsippa, seier Daniel Naurin, direktør ved ARENA Senter for europaforskning.

Naurin leier prosjektet saman med Christophe Hillion, professor ved Institutt for Offentlig rett og Senter for europarett. Med på laget er også Øyvind Stiansen, Asimina Michailidou, Tommaso Pavone, Antoinette Scherz, og fire doktorgradsstipendiatar.

Les intervjuar med Daniel Naurin hos Pluricourts og ARENA.

Publisert 20. jan. 2022 23:39 - Sist endret 12. des. 2023 11:37