English version of this page

Førelesing om kvinnelege flyktningar i FN-biblioteket

Cecilia Bailliets førelesing «Kvinnelege flyktningar og kjønnsforfølging» er blitt inkludert i FNs audiovisuelle bibliotek om internasjonal rett. I førelesingsserien bidreg leiande internasjonale akademikarar med førelesingar om dei fleste tema innan internasjonal rett.

Cecilia Bailliet og logo for FN-biblioteket

Cecilia Bailliet er no ein del av FNs audiovisuelle bibliotek for internasjonal rett

I førelesinga gir Bailliet eit overblikk over dei mest sentrale konvensjonane og deklarasjonane for kvinnelege flyktningar. Ho diskuterer mellom anna dei særskilde utfordringane kvinner opplever før, undervegs i og etter ein fluktsituasjon, så vell som statars plikter (og manglande etterleving av disse).

Førelesinga er tilgjengeleg på engelsk og spansk, og ho er også tilgjengeleg som podcast fleire stader.

Sjå førelesinga her.

Publisert 7. mars 2022 23:18 - Sist endret 8. mars 2022 16:09