Khrono, nyheitsavisa for høgare utdanning og forsking, kårar kvart år Årets namn i Akademia. Prisen delast ut "til nokon som i kraft av sine meiningar eller handlingar har gjort seg merka og reist eller forma viktige debattar i og/eller utafor akademia, eller som på anna vis har hatt tyding for akademia som ein del av storsamfunnet i 2022".
Prisen for 2022 gjekk til Kierulf-utvalget for arbeidet dei har lagt ned i NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet — God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag, og for deltaking i den påfølgjande debatten.
I juryens grunngjeving roses utvalet mellom anna for å "Med sin grundige rapport [ha] sørga (...) for ein kjærkommen debatt om akademisk ytringsfridom".
Les meir om utdelinga og intervju med utvalet hos Khrono.