English version of this page

PluriCourts - Senter for forsking om internasjonale domstolar sin legitimitet

Illustration photo for three international courts: The European Court of Human rights, The European Court of Justice, and the International Criminal Court.

PluriCourts var eit Senter for framifrå forsking ved Universitet i Oslo leda av Geir Ulfstein og Andreas Føllesdal. Senteret var finansiert av Forskingsrådet for perioden 2013 – 2023.

PluriCourts studerte internasjonale domstolars legitimitet frå rettslege, statsvitskaplege og filosofiske perspektiv. Senteret har forska på om påstandar om manglande legitimitet har normativt, empirisk og juridisk grunnlag, for å forstå og vurdere korleis internasjonale domstolar kan og bør reagere og korleis dei faktisk reagerer. Eit anna mål har vore å finne fram til høvelege måtar å etablere, betre eller avskaffe internasjonale domstolar.

Forskarar ved PluriCourts har studert tema som legitimitetsstandardar, maktfordeling på fleire nivå, sjølvstende og ansvarsplikt, prestasjon og komparative fortrinn. Saksområda har omhandla blant anna menneskerettar, handel, strafferett, investering, Den internasjonale domstolen (ICJ), miljø, havrett og Europarett.