English version of this page

Trong for nye verkemiddel i utmarksforvaltning

Forfattaren førsteamanuensis Katrine Broch Hauge  gjer i denne artikkelen greie for innhaldet i Fosen-dommen og naturavtalen, og enkelte andre sentrale utviklingstrekk for forvaltning av utmarksareal i det grøne skiftet.

Bildet kan inneholde: himmel, fjell, sky, naturlig landskap, skråningen.

Vinterbeite på Fosen

Foto: NRK/Jørgen Sannan

Fosen-dommen er ei viktig påminning om at ein må sjå arealinngrep som kan påverka samiske interesser i samanheng både i innhald og over tid. På liknande vis uttrykkjer naturavtalen at naturomsynet må integrerast hjå ulike aktørar og i ulike prosessar som vedkjem naturen.

Naturavtalen er eit globalt rammeverk mellom stater for å verne om natur. Avtalen har omfattende mål mellom anna om både vern og restaurering av natur. I denne artikkelen ser altså forfattaren særleg på forventningane i avtalen om korleis statane må integrere naturomsynet.

Nye verkemiddel for å ivareta heilskapsomsyn

Ei rekkje ulike rettslege faktorar påverkar utmarksforvaltninga og energiressursane i det grøne skiftet, og det er trong for nye verkemiddel for å ivareta heilskapsomsyn. Eit mangfald ulike verkemiddel kan tenkjast for å ivareta ei meir heilskapleg forvaltning av energiressursane.

Utvikle bruk av omsynssoner og bedre grunnlag for motsegn?

Døme på verkemiddel som kunne ha vore utvikla vidare er bruk av omsynssonar i plan- og bygningslova, og at forvaltninga sjølv søker å organisere arbeidet sitt slik at dei i større grad får høve til å sjå arealtiltak i samanheng også etter sektorlovverket. For å ivareta heilskapsomsynet i større grad kunne ein ikkje minst tenkt seg at det vart utarbeida tydelegare materielle grunnlag for bruk av motsegn aleine ut frå at gode energiressursar var kartlagt i eit bestemt område.

Energibehov, kommunalt sjølvstyre, samiske interesser 

Omsyn som talar mot ei slik utvikling er at det kan gripe langt inn i det kommunale sjølvstyre. Ein kan på den andre sida tenke seg område der energibehovet er stort, energiressursane er gode, og det er samiske interesser eller andre interesser som berre toler at ei viss mengd arealinngrep kjem i området. For slike situasjonar kan det tenkjast at ein for å leggje til rette for å nå dei overordna klimamåla og dekka energibehovet, kunne ha særleg nytte av å utvikla det materielle grunnlaget, som synleggjer energiressursar som krev heilskapstenking. På denne måten kan energistyresmaktene i større grad nytta motsegn for å unngå framtidige konfliktar.

Les artikkelen her

 

Emneord: Fosen, Utmarksforvaltning, et grøne skiftet Av Katrine Broch Hauge, Camilla Arnøy
Publisert 8. mars 2024 15:34 - Sist endret 31. mai 2024 16:54