Ny 8. utgåve av ”Sjørett”

 

”Sjørett” gjev ei framstilling av hovudprinsippa i sjøretten, med hovudfokus på den privatrettslege sjøretten. Han tek utgangspunkt i den fellesnordiske sjølova, som igjen byggjer på sentrale sjørettslege konvensjonar. I tillegg legg boka vekt på dei mange standardkontraktane som finst på området.

Boka er på i alt 647 sider. Han er utstyrd med omfattande lov-, forskrifts- og standarddokumentregister, domsregister og stikkordregister.


Forfattarane er begge professorar emeriti i rettsvitskap ved Nordisk Institutt for sjørett, Universitetet i Oslo.

Kva er nytt?

Sidan 7. utgåve kom i 2010, har det skjedd fleire viktige lovendringar: sjølova sine reglar om passasjeransvar og om granskingar av sjøulykker er endra, samstundes som det har kome nye regler om såkalla HMS-ansvar.

Sjømannslova er dessutan avløyst av ei ny skipsarbeidslov og det er skjedd endringar i skipssikkerhetslova. Òg på standardkontraktsområdet er det fleire viktige endringar.

Domstolane har heller ikkje vore uverksomme i dei seinare årene. I den nye utgåva er det vist til 45 nye domar (herunder fleire voldgiftsdommer) i Nordiske Domme i Sjøfartsanliggender og andre domssamlingar. Teksta er forresten i sin heilskap gått igjennom og ajourført med eit kritisk blikk.

Kven kan ha nytte av boka?

"Sjørett" vart opphavleg skrive som ei lærebok, men med det breie tilfang av material som boka gjer greie for eller viser til, framstår han i dag som ei handbok i sjørett. Dermed vil ho ha interesse i heile Norden for studentar ved universitet og høgskular, for advokatar og dommarar og for tilsette i rederier, bankar, forsikringsselskap og interesseorganisasjonar, anten dei er juristar eller ikkje.

Bestille

Boka selges via bokhandel eller Den norske bokbyen: Via nettbutikken bokbyen.no/butikk under Sjørett, post@bokbyen.no eller telefon 57 69 22 10.

Thor Falkanger, Hans Jacob Bull: Sjørett, 8. utgåve

Sjørettsfondet akademisk 2016, ISBN 978-82-90260-56-4, ib., 647 sider, 439 kr.

OG

Thor Falkanger, Hans Jacob Bull, Lasse Brautaset: Scandinavian maritime law: the Norwegian perspective

Universitetsforlaget, 2004, ISBN 978-82-15-00529-2, ib., 609 sider, 629 kr. Omtale.

Ny utgave ventes høsten 2016.

Skipsarbeidsloven – med kommentarer, 2014

Skipssikkerhetsloven – med kommentarer, 2010

Emneord: Sjørett
Publisert 1. apr. 2016 11:20 - Sist endret 6. mars 2023 13:14