Miniseminar om marin planlegging

Avdeling for Energi- og ressursrett starta haustsemesteret med eit miniseminar om marin planlegging med besøk frå både University of Aberdeen og Universitetet i Bergen.

Bilde av Anne-Michelle Slater, Katrine Broch Hauge, Ingunn Myklebust
Anne-Michelle Slater, Katrine Broch Hauge, Ingunn Myklebust

Seminaret vart arrangert i høve eit besøk av professor Anne-Michelle Slater, University of Aberdeen, School of Law. Det var sjølvsagt ekstra kjekt med besøk frå Aberdeen sidan avdelinga samarbeider tett med universitetet også gjennom LLM-programmet North Sea Energy Law Programme.

Slater som har planlegging som eit av sine hovudfelt innanfor rettsvitskapen, var på ei rundreise i Norden for å hausta erfaringar særlig om marin planlegging. Diskusjonar og innlegg viste at sjølv om utfordringane i sjø- og havområda slett ikkje er ulike i dei forskjellige jurisdiksjonane, med for eksempel eit stor merksemd om havvind-utbygging i begge juridisdiksjonar, så er dei juridiske tilnærminga ganske så forskjellige. Ein viktig årsak er det skotske rammeverket for planlegging i sjø- og havområde som finnes i Marine (Scotland) Act frå 2010. Rammeverket legg til rette for ei heilt anna formalisering av planlegginga til havs enn det vi har sett i Noreg til no.

Seminaret vart innleia med nokon refleksjonar kring dei norske havforvaltningsplanane i lys av erfaringar frå eit tidlegare forskningsprosjekt (PlanCoast) om integrert forvaltning av kystsona, av førsteamanuensis Katrine Broch Hauge. Vi var også så heldige å ha besøk av professor Ingunn Myklebust frå Bergen som innleia om funn frå det nyleg avslutta Govland-prosjektet, der også Slater deltok. Professor Ola Mestad tok føre seg Universitetet i Oslo si tilnærming til havforsking, og forskningsutfordringar knytt til havforvaltninga meir allment. Seminaret vart avslutta med eit svært aktuelt foredrag frå Catherine Banet om krava til energiplanlegging særleg i samband med havvindutbygging.

Bildet kan inneholde: bord, yttertøy, møbler, konferanseromsbord, frakk.

Publisert 17. aug. 2022 14:58 - Sist endret 17. aug. 2022 14:58