Seminar om storkammer-saka om vindkraft på Fosen og SP art. 27

Vedtak om konsesjon og ekspropriasjonsløyve til to vindkraftverk på Fosen vart nyleg kjent ugyldige i storkammersak i Høgsterett som fylgje av strid med FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27. I dette seminaret skal vi sjå nærare på innholdet i dommen og fylgjene av den.

Bildet kan inneholde: mennesker i Gamle Festsal

Gamle Festsal, Domus Academica (Urbygningen) Foto: UiO

Foto: UiO

Delta på seminaret:

Det vil vere mogleg å delta fysisk i Gamle Festsal
eller digitalt via zoom.

For fysisk deltaking, meld deg på her: https://nettskjema.no/a/225491 

For deltaking via zoom, bruk denne lenka: https://uio.zoom.us/j/63318786857

Nærare om temaet

Saka kom til Høgsterett etter anke over overskjønnet i ekspropriasjonssaka frå Frostating lagmannsrett. Vindkraftverka saka gjeld stod ferdige i 2019 og 2020. Saka reiser altså mange spørsmål, og vi inviterer til diskusjon med dei fremste juridiske ekspertane på relevante rettsområde.

  • Korleis er eigentleg norma etter SP art 27 å forstå, og korleis kunne forvaltninga gi løyve til anlegget når det no viser seg at tiltaket er i strid med folkeretten?
  • Kva er dei folkerettslege fylgjene av brotet på SP art 27, og kva er fylgjene etter norsk rett.
  • Kva skal skje med anlegga som alt står der?
  • Kva handlingsrom har forvaltninga i prosessen framover? Og ikkje minst kva rolle har reindrifta og utbyggjar i denne prosessen?

Dommen kan lesast her: hr-2021-1975-s.pdf (domstol.no)

Medvirkande

Introduksjon ved førsteamanuensis Katrine Broch Hauge, NIFS, professor Ivar Alvik, NIFS og Torvald Falch, Sametinget.

    Program

    • 13.00 Velkommen og kort introduksjon til saka, ved førsteamanuensis Katrine Broch Hauge, Nifs, Uio

    Bolk I: Om forståinga av SP art 27 og folkerettslege krav til oppfølging

    • Om tolking av SP art. 27 i dommen samanlikna med tidlegare dommar og praksis frå Menneskerettskomitéen, ved Assisterene direktør Gro Nystuen , NIM
    • Meir om forståinga av art. 27, og om dei folkerettslege krava til oppfølging, ved Professor Geir Ulfstein, IOR, UiO,

    Pause

    Bolk II: Om prosessuelle spørsmål, konsekvensar og oppfølging

    Starter ca. 14.00

    • Katrine Broch Hauge ønsker velkommen til bolk II.
    • Utvalde prosess-spørsmål og verknader av at konsesjonsvedtaket blir kjent ugyldig, ved Professor Emeritus Inge Lorange Backer, IOR, UiO.
    • Om kva vurdering Sametinget har av krav til oppfølging, og kort om verknader for andre saker, ved Seniorrådgivvar Thorvald Falch, Sametinget.
    • Kort om statens moglege erstatningsansvar, ved Professor Ivar Alvik, Nifs, UiO.

    Diskusjon med alle innleiarane

    Starter ca. 15.00

    • Det blir kommentarar frå innleiarane og mogleg med spørsmål fra salen.
    • Kirsti Strøm Bull styrer diskusjonen.
    • I tillegg til innleiarane stiller professor Geir Stenseth, IFP, UiO, i panelet.

    Presentasjonane frå seminaret finn du her

    Emneord: Vindkraft, Fosen, Konsesjon
    Publisert 20. okt. 2021 13:33 - Sist endret 27. apr. 2022 22:05