Fakultetet har ein solid forskingsprofil

Det står bra til med den rettsvitskapelege forskinga i Noreg, er konklusjonen etter at Forskingsrådet har evaluert seks juridiske institusjonar.

Ragnhild Hennum med en signert avtale i forkant

Kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i NAV og dekan Ragnhild Hennum signerte avtale om finansiering av trygderettslig forsking i 2021.

Foto: S.H.Myre/UiO

Sist veke vart rapporten frå evalueringa av dei seks institusjonane lansert på eit digitalt seminar der representantar for institusjonane deltok i ordskiftet. Rapporten syner at sjølv om det står godt til med den rettsvitskapelege forskinga, så er det store skilnader i kvaliteten nasjonalt.

UiO har ei leiande rolle

– Eg er glad for at evalueringa syner at den juridiske forskinga er god generelt, og at komiteen framhevar den leiande rolle Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo har, kommenterer dekan Ragnhild Hennum.

Ho fortel og at komiteens leiar, professor Palmer Olsen, sa at komiteen hadde hatt avgrensa moglegheit til å sette seg inn i dei finansielle tilhøva rundt juridisk forsking og utdanning.

– Det forstår vi, men det er leit at det dårlege forholdstalet mellom studentar og lærarar ikkje kommer klarare fram. På den positive sida er det gledeleg  at komiteen kjem med fleire anbefalingar til Forskingsrådet om område der dei kan være med på å styrke juridisk forsking. 

Dei evaluerte

  • Handelshøyskolen BI, Institutt for rettsvitenskap og styring
  • Universitetet i Agder, Handelshøyskolen, Institutt for rettsvitenskap
  • Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet
  • Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet
  • Universitetet i Sørøst-Norge, Handelshøyskolen, Institutt for økonomi, markedsføring og jus
  • Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet

Omtale i media

Av Steinar Hafto Myre
Publisert 29. nov. 2021 09:52 - Sist endra 29. nov. 2021 11:02