Styrkjer fagmiljøet i trygderett

Ein samarbeidsavtale mellom NAV og Det juridiske fakultet vil styrkje fagmiljøet i trygderett.

Kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i NAV og dekan Ragnhild Hennum signerer avtalen.

Kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i NAV og dekan Ragnhild Hennum signerte avtalen 8. juni 2021.

Foto: S.H.Myre/UiO

– Avtalen er eit langsiktig strategisk grep vi tek saman med NAV for å utvikle og styrkje forsking, utdanning og kompetanse innanfor  det  trygderettslege området. Dette er eit løft for fakultetet, men eg trur dette vil gje god fagutvikling også hos NAV, sa dekan Ragnhild Hennum i samband med signeringa av avtalen 8. juni. 

Kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i NAV understreka at avtalen vil gje velferdsforskinga eit løft, og kunne fortelje at den alt vekkjer både interesse og entusiasme.

– Vi gler oss til samarbeidet. Det blir forska lite på trygderett, og det er mykje spennande og viktig å ta tak i. Dette er eit område vi prioriterer i den nye planen vår for forsking og utvikling fram mot 2025, seier Åsholt.

Lite fagmiljø

Dekanen fortel at fagmiljøet innanfor trygderett er lite, og at det er eit stort behov for å styrkje det. I tillegg til å rekruttere stipendiatar og postdoktorar, er dekanen oppteken av at fakultetet treng å rekruttere studentar som vil skrive avhandling innanfor trygderettsområdet:

– Å rekruttere studentar gjev oss langsiktige gevinstar i oppbygging av eit fagmiljø, noko som gagnar både oss og NAV.

Fire programområde

Avtalen strekkjer seg over ti år, og NAV skal bidra med omkring 3 millionar kroner årleg i eit samarbeid som blir organisert gjennom fire programområde:

  • Trygderett 
  • Digital velferdsstat 
  • Klart språk  
  • EØS-rett og andre internasjonale forpliktingar på trygderetten sitt område 
Ingunn Ikdahl og Jon Christian Fløysvik Nordrum
Fagansvarlege: Ingunn Ikdahl og Jon Christian Fløysvik Nordrum

Det er eit mål med samarbeidsavtalen at fakultetet skal styrkje trygderettslege element i utdanningsløpet, noko som har innverknad på både obligatoriske emne og valemne. Dei fagansvarlege for avtalen ved fakultetet, Ingunn Ikdahl og Jon Christian Fløysvik Nordrum, fortel at Digital velferdsstat er første trinn i oppfyllinga av avtalen når det faglege arbeidet startar hausten 2021.

– At avtalen er langsiktig gjer det mogleg å tenkje store linjer i kva slags juridisk kunnskap velferdsstaten treng. Vi har hatt god dialog med ulike miljø i NAV lenge, og ser mange utsikter både for forsking og utvikling av undervisningstilbod. No ser vi fram til å gå i gang med arbeidet, avsluttar dei.

Sjå og

Publisert 9. juni 2021 09:19 - Sist endra 11. juni 2021 10:59