Nordiska Juristpriset til Tone Sverdrup

Tone Sverdrup er tildelt Nordiska Juristpriset for 2022.

Bilde av Tone Sverdrup ved datamaskin på arbeidsplassen.

Tone Sverdrup.

Foto: Mona Østvang Ådum/UiO

Tidlegare prisvinnarar frå Det juridiske fakultet:

  • Johs Andenæs (1981)
  • Carsten Smith (som høgsterettsjustitiarius) (1996)
  • Jon Bing (2002)

Kjelde: Stiftelsen för Rättsvetenskaplig Forskning.

Prisen vart overrakt Tone Sverdrup av Islands president dr Guðni Th. Jóhannesson, i samband med opninga av det 42. Nordiske juristmøtet på Island 18. august.

I grunngjevinga går det mellom anna fram at Tone Sverdrup tildelast prisen for sin framifrå forsking og forfattarskap på familie-, arve- og barnerettens områder samt på formuerettslege spørsmål av betydning for familieretten.

Stor heider

– Dette er ein stor og flott heider til Tone Sverdrup. Ho er den fjerde forskaren frå vårt fakultet som mottek prisen, og den første kvinnelege juristen som får han, seier dekan Ragnhild Hennum i ein kommentar

Professor emeritus Tone Sverdrup er siviløkonom frå NHH Bergen 1972, cand jur. frå Universitetet i Oslo 1977, og dr. jur. 1997 med avhandlinga "Stiftelse av sameie i ekteskap og ugift samliv". Ho vart tilsett som førsteamanuensis i 1997, og professor i 2000.

Nordiska Juristpriset

Knut och Alice Wallenbergs Stiftelses pris för rättsvetenskapliga insatser – Nordiska Juristpriset er delt ut 14 gonger sidan 1981, og prisen var i år på ein million SEK.

Publisert 22. aug. 2022 13:51 - Sist endret 26. aug. 2022 12:25