Erik Røsæg æresdoktor ved Gøteborgs Universitet

Professor Erik Røsæg vart nyleg kreert til æresdoktor ved Göteborgs Universitet.

Doktorhatten plasseres på Erik Røsægs hode.

Doktorhatten plasserast på for Erik Røsæg.

Foto: UiO/privat foto

Universitetet i Göteborg framhevar Erik Røsæg sin innsats for nordisk rettsvitskap og nordisk samarbeid i sin omtale. Dei peiker òg på den faglege innsatsen Røsæg har lagd ned for sjørettsfaget, mellom anna gjennom samarbeid om forskingsprosjekt med dei rettsvitskapelege miljøa i Göteborg.

Kreeringa fann stad på eit fagleg seminar ved Handelshögskolan och Juridiska institutionen i Göteborg 4. mai.

–  Det er gledeleg at våre forskarar vert verdsett på dette viset av institusjonar utanfor Noreg. Dette er ein fortent heider av Erik Røsæg som rettsvitskapeleg forskar. Vi gratulerer Erik Røsæg med denne æresbevisinga frå Universitetet i Göteborg, og dei juridiske fagmiljøa han har samarbeidd med over mange år, seier dekan Ragnhild Hennum i ein kommentar.

Publisert 11. mai 2022 08:56 - Sist endra 13. mai 2022 07:50